Æresdoktorar ved OsloMet

OsloMets styre kan tildele grada æresdoktor (doctor honoris causa ) for viktig vitskapleg eller kunstnarisk innsats, eller framifrå arbeid til gagn for vitskapen eller kunsten.

Tildeling av æresdoktorat ved OsloMet skjer innanfor fagområda der OsloMet sjølv tildeler doktorgrader, og til kandidatar som har utmerkt seg innanfor felt universitetet har ei sterk kopling til.

Sidan OsloMet fekk universitetsstatus i 2018 har det vorte utdelt fire æresdoktorat; alle i 2020.

Æresdoktorar utnemnt i 2020

Charles Catania (fødd 1936)

Charles Catania er utnemnd til æresdoktor ved OsloMet for det omfattande arbeidet sitt innan åtferdsanalyse.

Catania tok doktorgrada si ved Harvard University, og er professor emeritus ved University of Maryland, der han gjennomførte brorparten av sitt yrkesaktive liv.

Catania var gjennom sin postdok-periode knytt til laboratoriet til den anerkjende åtferdspsykologen B.F. Skinner ved Harvard; ein vitskapleg årestad med svært stor betydning for utviklinga av internasjonal åtferdsanalyse som fagfelt.

Aller mest kjent er Catania sannsynlegvis for læreboka «Learning» som svært mange studentar har brukt sidan første utgåve kom i 1979. Boka er eit døme på pedagogikk på høgt nivå, kopla med fagleg tyngd. Læreboka, i siste utgåve, blir framleis brukt ved Institutt for åtferdsvitskap.

Dr. Catania har besøkt Noreg ved fleire høve, og har gjennom karrieren sin hatt tett kontakt med norske fagmiljø på feltet. 

Marit Vogt-Svendsen (fødd 1949)

Marit Vogt-Svendsen er utnemnd til æresdoktor ved OsloMet for innsatsen sin og engasjementet sitt for norsk teiknspråk.

Vogt-Svendsen blir rekna som ein pioner innanfor norsk teiknspråkforsking, og har gjennom forskinga bidrege til å auke medvitet og kunnskapen om teiknspråk og minoritetserfaringane til døve i både skuleverket og samfunnet elles. Ho avla den første doktorgradsavhandlinga om norsk teiknspråk i 1991, og var den første i landet som argumenterte for at norsk teiknspråk er eit sjølvstendig språksystem på linje med andre språksystem.

Arbeidet og erfaringane til Vogt-Svendsen var heilt avgjerande i prosessen som leidde fram til at norsk teiknspråk vart anerkjent som eit fullverdig offisielt språk i 1997. Arbeidet hennar har vidare bidrege til framveksten av sterke fagmiljø og teiknspråk- og tolkeutdanningar ved fleire høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i Noreg.

Vogt-Svendsen vart i 2007 tildelt Norges Døveforbunds menneskerettspris, og ho fekk også Språkrådets første teiknspråkpris.  

Gøsta Esping-Andersen (fødd 1947)

Gøsta Esping-Andersen er utnemnd til æresdoktor ved OsloMet for arbeidet sitt som ein verdsleiande teoretikar og empirisk forskar på tema knytt til velferdsstat og sosialpolitikk.

Esping-Andersen er professor i sosiologi ved Universitat Pompeu Fabra i Barcelona, og har doktorgrada si frå University of Wisconsin-Madison. Hans kanskje mest innverknadsrike vitskaplege arbeid er boka «The Three Worlds of Welfare Capitalism», der han identifiserer tre erketypar av velferdsstatar, basert på felles særdrag og historisk utvikling.

Esping-Andersens vitskaplege arbeid har hatt noko å seie langt utanfor sitt eige fagområde, og han har spelt ei vesentleg rolle i utviklinga av forsking og undervisning innanfor fleire vitskaplege disiplinar.

Robin Teigland (fødd 1964)

Robin Teigland er utnemnd til æresdoktor ved OsloMet på bakgrunn av rolla si som ein av Nordens leiande forskarar på digitaliseringsfeltet, og erfaringa si frå innovativ entreprenørskap.

Teigland er professor i leiing og digitalisering ved Chalmers University of Technology i Gøteborg, og har doktorgrada si frå Stockholm School of Economics. I perioden 2019 til 2023 var ho direktør for Ocean Data Factory; Sveriges første nasjonale havlaboratorium.

For ytterlegare informasjon blir det vist til rutine for utnemning av æresdoktorar (ansatt.oslomet.no)