– Resultata er både slåande og markante, og viser at det å vere arbeidsledig er ei openberr helsebelastning uansett kva for nokre økonomiske forhold som er rundt den arbeidsledige, seier forskar Kristian Heggebø ved NOVA på OsloMet – storbyuniversitetet.
Han og forskarkollega Jon Ivar Elstad har analysert spørjeskjemadata frå 25 europeiske land for å undersøkje om det er enklare å handtere arbeidsløyse dersom mange andre deler same lagnad.
Ikkje lettare når det er mange arbeidsledige
Tidlegare forsking viser at personar som mistar jobben ofte får dårlegare helse i etterkant, både på grunn av økonomiske bekymringar, stress og uvisse. Ein hypotese som forskarane særleg har vore opptekne av er kjende som «the more, the merrier»; Jo fleire jo lettare er det å vere arbeidsledig.
– Ei oppfatning er at det er mindre stigma og stress knytt til opplevinga når arbeidsløyse er eit «massefenomen». I tillegg er det også peika på at det kanskje er positivt å kunne vere saman med venner og familiemedlemmer som også er arbeidsledige.
Heggebø og Elstad avviser at det er lettare å vere arbeidsledig saman med mange andre i same situasjon.
– Det er generelt ugunstig for helsa å vere arbeidsledig. Anten det gjeld mange eller få, så er det kjipt og kjedeleg å miste eller vere utan jobb, seier Heggebø.
Han fortel at resultata vart stadig meir eintydige jo fleire analyseteknikkar dei brukte.
Det er faktisk oppsiktsvekkjande kor lite resultata varierer i Europa.– NOVA-forskar Kristian Heggebø
Sjølvrapportert helse
Forskarane har sett på korleis folk opplever si eiga helse, såkalla sjølvrapportert helse.
– Sjølv om studien byggjer på respondentane si eiga oppfatning av helsa, gir svara eit godt bilete av ulike gruppers helsetilstand.
NOVA-forskarane har også sett spesielt nøye på samansetninga av dei som er arbeidslause.
– Det går eit viktig skilje mellom relativt ressurssterke versus langtidsledige som ofte har eit dårlegare helsepotensiale ettersom dei har pådrege seg større helseplager over tid. Dei som er meir ressurssterke har som regel eit betre utgangspunkt for å takle arbeidsløysa, seier Heggebø.
Oppsiktsvekkjande like resultat
Forskarane valde å undersøkje perioden 2010-2013 fordi dette var den verste delen av den økonomiske krisa når det gjeld arbeidsløyse. Nokre land som Spania var særleg hardt ramma. Også i Noreg hadde nokon delar av arbeidsmarknaden som byggjebransjen problem, men ikkje i så stor skala.
– Det er faktisk oppsiktsvekkjande kor lite resultata varierer i Europa, gitt dei store forskjellane i kor hardt dei 25 landa vart ramma av finanskrisa.
Kortsiktig innsparing
Heggebø meiner det er kortsiktig og misforstått innsparingspolitikk å stramme inn velferdsordningar og arbeidsløysetrygd.
– Ein skal vere varsam med å stramme inn arbeidsløysetrygdene. Vidare kutt i ytingane til denne gruppa vil berre gjere vondt verre, seier forskaren.
– I ein kontekst der vi ser at ulikskap i inntekt og formue aukar markant, bør vi tenkje nøye over korleis vi riggar velferdsytingane. Det er grunn til å vere bekymra over at ulikskapar i inntekt og formue aukar, kanskje spesielt i eit helseperspektiv der det vil vere mogleg å kjøpe betre helsetenester for dei som har midlar nok, medan andre kanskje blir ståande igjen i ventekøen, utdjupar han.
Ein skal vere varsam med å stramme inn arbeidsløysetrygdene. Vidare kutt i ytingane til denne gruppa vil berre gjere vondt verre.– NOVA-forsker Kristian Heggebø
Har avgjerdstakarar i forvaltningssystemet sett seg blinde på ein slags spare- og aktiveringspolitikk? spør Heggebø.
– Dette ser ut til å vere ein trend i tida, men det går utover enkeltindivid og tener ikkje samfunnet på sikt. Det er ugunstig for kvar enkelt og kostbart samfunnsøkonomisk gjennom mellom anna auka helsetenesteutgifter, påpeikar han.
Han understrekar at det også er stressande å ikkje ha råd til å la barna ta del i aktivitetar, eller sjølv ikkje kunne delta på sosiale arenaer.
– Alle har lyst på ein fast jobb. Ikkje berre ein tilfeldig jobb, men rett jobb slik at dei kan bidra i samfunnet. Det må vi leggje opp til! avsluttar han.
Referanse
Is it Easier to Be Unemployed When the Experience Is More Widely Shared? Effects of Unemployment on Self-rated Health in 25 European Countries with Diverging Macroeconomic Conditions. (academic.oup.com).European Sociological Review, 34 (1): 22—39. Kristian Heggebø & Jon Ivar Elstad, NOVA/OsloMet.
Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 03.04.2018.