Desse arbeidstakarane har risiko for å bli utbrende

Sliten mann på eit kontor gnir seg i auga.

Du merkar at du blir meir og meir likegyldig til jobben. Du byrjar å ta avstand frå arbeidet og menneska du jobbar med. Både mentalt og fysisk kjenner du deg heilt utslite, og du klarer ikkje å hente deg inn igjen. Det seier stopp. Slik kan det opplevast å bli utbrent.

Jobbengasjement derimot er arbeidsglede. Du har stor glede av arbeidsoppgåvene dine. Du er veldig dedikert og klarer verkeleg å fordjupe deg.

Forskarar ved OsloMet og Handelshøyskolen BI har i ein ny studie sett på om jobbengasjement berre er positivt, eller om det faktisk kan bli for mykje av det gode slik at det tippar over i utbrentheit. Dei gjennomførte studien med to spørjeundersøkingar blant over 1000 ingeniørar og teknologar.

Det dei fant var at høgt engasjerte medarbeidarar kan ha meir risiko for å bli utbrende, viss dei ikkje blir godt varetekne på arbeidsplassen.

Dei bruker mykje energi på jobb og er meir utsett for å distansere seg frå arbeidet og bli kjenslemessig utmatta. Dette er to viktige kjenneteikn ved utbrentheit.

Portrettbilde av Christina Nerstad.

Organisasjonsforskar Christina Nerstad ved OsloMet står bak studien i samarbeid med forskarar frå BI. Foto: Sonja Balci.

– Unngå å utnytte engasjementet

– Det er ikkje ein klok strategi alltid å gi fleire oppgåver til dei kjempeengasjerte. Ja, dei leverer sikkert, men det kan ha ein dyr pris etter kvart viss det blir for mykje, seier organisasjonsforskar Christina Nerstad ved OsloMet, som er ein av forskarane bak studien.

Ho gir ein varsko til leiarar:

– Dei høgt engasjerte medarbeidarane fordjupar seg ofte veldig i arbeidet sitt og klarer kanskje ikkje å sjå at no er det viktig å roe ned.

Tidlegare forsking finn til dømes at dei jobbar meir overtid enn andre. Det kan også komme av eit sjølvpålagt krav frå medarbeidaren. Sidan dei er så entusiastiske i samband med jobben sin, oppsøkjer dei ekstra oppgåver.

Eit resultat av dette kan vere at dei leverer meir enn det som er forventa, noko som leiaren reknar som positivt. Likevel kan dette føre til ein negativ spiral der leiarane spør medarbeidarane om å ta på seg endå fleire oppgåver, som vidare kan bidra til utmatting, ifølgje Nerstad.

– Alle har ei grense, og det handlar om å vareta også dei som er engasjerte. Det er positivt at dei er så engasjerte og brenn for jobben sin, men det må ikkje vere slik at dei brenn ut.

I risikosona for å bli utbrend

Ho legg til at ein god balanse mellom jobb og fritid er viktig.

– Det bør ikkje oppmodast til at folk skal ta med seg mykje jobb heim og vere logga på til alle tider på døgnet.

Og her tenkjer ho at kommunikasjon er viktig frå leiars side om dette med overtidsarbeid og kva som eigentleg er forventa.

– Dette betyr ikkje at jobbengasjement ikkje er bra. Det denne studien klargjer er at det for nokon kan tippe over slik at dei til slutt opplever symptom på utbrentheit.

Kjenneteikn på utbrentheit kan vere at medarbeidaren verkar utmatta og irritabel og trekkjer seg tilbake frå arbeidsoppgåver, kollegaer og kundar.

– Somme kan bli sjukmelde lenge på grunn av utbrentheit. Det er derfor viktig at leiinga er klar over kven som er veldig engasjerte og kva dei pålegg dei av arbeid.

God støtte betyr mykje

Tidlegare har Nerstad forska på to ulike motivasjonsklima på arbeidsplassane – meistringsklima og rivaliseringsklima.

I eit rivaliseringsklima blir suksess definert på grunnlag av å samanlikne seg med andre. Rivaliseringsklima motiverer til rivalisering mellom kollegaene om å vere den beste.

Suksess i eit meistringsklima derimot, blir kjenneteikna ved å meistre oppgåver og utvikle seg, og om å samarbeide med andre.

Eit meistringsklima gir medarbeidarane meir rom for sjølvråderett og støtte frå leiarar og kollegaer. Det reduserer risikoen for å bli utbrend blant dei mest engasjerte medarbeidarane.

Referanse

Nerstad, C. G. L., Wong, S. I., & Richardsen, A. M. (2019). Can engagement go awry and lead to burnout? The moderating role of the perceived motivational climate. International Journal of Environmental Research and Public Health, 16, 1-21 (mdpi.com).

Kontakt

Laster inn ...
Ung mann stående på en stol med en laptop i venstre hånd som bøyer seg over et bord for å gi en sittende kvinne high five med høyre hånd.
Hva får deg til å føle deg mest vellykket på jobb – mestring eller prestasjon?

Det kan ha noe å si for hvor utholdende du er når du sliter med oppgaver og hvor mye tid du bruker på å utvikle deg.

To kvinner som står og snakker med hverandre med et kontorlandskap synlig i bakgrunnen
Slik blir du en bevisst leder

– Skaff deg innsikt i hvordan du virkelig virker som leder.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Glassgate, arkitektur
– Konflikter må håndteres tidlig

Når følelser trigges blir konflikter vanskelige.

Forskningsartikkel av:
Handelshøyskolen
Publisert: 07.01.2020
Sist oppdatert: 30.07.2024
Tekst: Sonja Balci
Foto: Maskot / Scanpix