– Når du har gitt mykje til ein arbeidsplass, gjer det vondt å bli vifta vekk fordi du er eldre

Eldre mann med hjelm jobber på lager

Mange eldre opplever usikkerheit når bedriftene dei jobbar i, skal nedbemanne. Dei føler seg skyvde ut trass kompetanse og motivasjon. Sluttpakkar og gåvepensjonar kan også signalisere at eldre arbeidstakarar ikkje er ønska.

Dette er blant funna i forskingsprosjektet "Aldersnormer, klasse og kjønn i pensjonsreformenes tid (Shades of grey)", som nyleg vart avslutta.

– Eg blei overraska over kor sårbar posisjon eldre har. Dette er ofte svært kompetente folk. Men på mange arbeidsplassar oppstår det eit pensjonspress, seier forskar og prosjektleiar Anne Skevik Grødem ved OsloMet.  

Mange har lyst til å stå lenger i jobb, men dei kjenner seg ikkje lenger velkomne, forklarer ho.

– Når du har gitt mykje til ein arbeidsplass, gjer det vondt å bli vifta vekk fordi du er eldre. Mange blir bitre og lei seg. Det er heilt forståeleg. Det betyr noko å kjenne seg sett og verdsett.

Bør arbeidsplassar få ei plikt?

Grødem stiller spørsmål ved om det trengs ei endring i den såkalla aktivitets- og reiegjeringsplikta: Norske arbeidsplassar pliktar i dag å jobbe aktivt mot diskriminering, sikre mangfald og rapportere kva dei gjer.

Plikta omfattar diskriminering på grunnlag av ei rekke forhold, mellom anna kjønn, kjønnsidentitet, etnisitet og religion. Men ikkje alder.

– No ser vi jo at dei subtile utstøytingsmekanismane som kan ramme homofile eller muslimar på norske arbeidsplassar, også kan ramme eldre, seier Grødem.

Ingen 62-årsgratulasjon

Grødem og forskarteamet har intervjua tilsette over 50 år, mellomleiarar og HR-tilsette i tre store norske bedrifter.

Dei har også brukt surveydata frå Norsk seniorpolitisk barometer, som har stilt dei same spørsmåla til leiarar og arbeidstakarar sidan 2003.

Ifølgje ein studie gjort av stipendiat Hege Sofie Hesselberg, kan organisasjonane sine HR-praksisar for seniortilsette gje tvitydige eller motstridande signal (idunn.no). Ein tilsett på 59 år sa det slik:

«Jeg vet jo at når du blir 62, så får du en mail og det er ikke «gratulerer med dagen, så hyggelig», men det er mer «når har du tenkt til å slutte?»»

Ein støttande leiar er viktig

Grødem kommenterer Hesselberg sine funn og presiserer at intervjua studien baserer seg på, er gjort i bedrifter i privat sektor.

– Mi magekjensle er at dette ser annleis ut i offentleg sektor, som helse og utdanning, der det er mangel på arbeidskraft. Ein del private bedrifter er heile tida på jakt etter det unge og framtidsretta. Då føler eldre seg lett utdaterte, seier Grødem.

Ifølgje Hesselberg sine studiar, kan ein støttande leiar beskytte mot pensjonspress og gjere det lettare å halde fram i jobben.

– Dette understrekar kor viktig det er med leiarar som forstår kva dei kan bety for seniortilsette, forklarer Grødem.

Portrett av forskar Anne Skevik Grødem ved NOVA

Kan du skifte jobb når du er 60?

Forskarane undersøkte også kor gamle arbeidssøkjarar må vere for at leiarar skal nøle med å innkalle dei til jobbintervju. Gjennomsnittsalderen her var 58,7 år blant leiarar i privat sektor og 62,7 blant leiarar i offentleg sektor.

– Viss leiarar trur at eldre er mindre fleksible og har dårlegare produktivitet, er dei meir skeptiske til å kalle dei inn. Det same gjeld leiarar som ikkje liker at det er fleire eldre på arbeidsplassen, seier Grødem.

Forskarane tilrår opplysningsarbeid om seniorar sine ressursar. Forskinga på feltet tydar nemleg på at det mest er ei myte at produktiviteten fell med alderen (lengrearbeidsliv.no).

Ein anna råd frå forskarane er tiltak for betre digital opplæring. Dette kan ifølgje surveydataa auke eldre sitt ønske om å bli verande i jobb.

Innvandrarar kjem seg ikkje ut av tunge jobbar

I dataanalysane såg forskarane likevel at haldningane til eldre arbeidstakarar har betra seg dei siste tjue åra. Arbeidstakarar blir sett på som unge lenger enn før. Fleire opplever også at dei blir sette pris på av leiinga, at kollegaer spør dei om råd, at dei får lære nye ting, og at dei har sjølvråderett i jobben.

– Jamt over er det samanheng mellom det å ha et godt arbeidsmiljø og det å bli ståande lenger i jobb, seier Grødem.

Likevel opplevde ein femtedel av eldre tilsette dei same tjue åra ei forverring i arbeidsmiljøet. Ei slik forverring aukar sannsynet for at dei det gjeld, trekkjer seg tilbake frå yrkeslivet.

Blant innvandrar tydar forskingsresultata på ei ekstra utfordring:

– Mangel på norskkunnskapar gjer det vanskeleg å søkje nye jobbar. I tillegg blir intern omplassering, for eksempel frå reinhald til kantinearbeid, vanskeleg, fordi det siste inneber høgare språkkrav. Dette kan tvinge eldre innvandrar til å bli verande i fysisk krevjande jobbar lenger enn dei burde.

– Bedrifter blir gode på det dei blir målt på

Viss aktivitets- og reiegjeringsplikta (ARP) skal endrast til også å omfatte alder, vil ein trenge ei endring i likestillings- og diskrimineringslova, ifølgje Grødem. Dette er fordi forbodet mot aldersdiskriminering i arbeidslivet i dag har heimel i arbeidsmiljølova og ikkje likestillings- og diskrimineringslova, som ARP baserer seg på.

Andre mogleg tiltak er ifølgje Grødem systematisk å ta inn seniorperspektivet i leiarutdanningar. Ein kunne også tenkje seg ei endring av IA-avtalen, altså intensjonsavtalen for eit meir inkluderande arbeidsliv, men i desember 2024 braut forhandlingane om denne saman – truleg for godt.

– Ein kan likevel få andre former for forpliktande samarbeid mellom partane i arbeidslivet og staten, for å gjere det lettare for fleire å jobbe til de er 67 år eller enda lenger. Bedrifter blir gode på det dei blir målt på. Blir ein ikkje målt, er det lett å la det ligge, seier Anne Skevik Grødem.

Les mer

Grødem, A.S.; Hellevik, T.; Herlofson, K.; Hesselberg, H.S.; Kitterød, R.H. & Pedersen, A.W. (2024). Har arbeidslivet rom for eldre arbeidstakere? Kort oppsummert 2/24 (oda.oslomet.no)

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Eldre kvinnelig professor snakker med to elever
Flere trapper ned i jobben før de går av

Stadig færre går fra å være i full jobb én dag til å bli heltidspensjonist den neste. Veien ut av arbeidslivet er i endring, viser en fersk NOVA-rapport.

Kvinne arbeider med telefon og laptop
Svikter teknologibransjen de eldre?

En ny rapport avslører at mange eldre arbeidstakere ikke får de samme tilbudene om videreutvikling som sine yngre kollegaer.

Eldre datter gir sin gamle mor et glass vann i stuen
Sjukmelder seg for å hjelpe gamle foreldre

Ny forsking viser at vaksne barn bruker sjukelønsordninga til å yte omsorg til dei eldre foreldra sine.

Portrett av mann med bart på et lager
Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Langt fleire kan jobbe fram til dei blir 70 utan at det går ut over frivillig arbeid eller familieomsorg.

Publisert: 18.12.2024
Sist oppdatert: 03.01.2025
Tekst: Silje Pileberg |
Foto: Colourbox.com / Sonja Balci, OsloMet