Vi har alle høyrt om elefanten i rommet, men kva viss han er laga av plast, og gøymer seg i kleda våre? Resirkulert plast, som mange klede er laga av, er ingen miljøvinnar.
Dei seinaste tiåra har produksjonen av syntetiske klede i plast eksplodert, og veksten er forventa å halde fram. Mengda klede i naturmateriale, som bomull, ull, silke og lin, har stått nesten stille i same periode.
Tekstilane i plast fører til enorme miljøproblem. Utslepp av mikroplast og kjemikaliar forureinar vatn, hav og jord, og avfallet frå dei avlagde kleda våre blir til enorme søppelberg i land med dårleg avfallshandtering.
Strategiar om berekraft
– Skulda blir ofte lagd på forbrukarane, fordi vi både kjøper og ønskjer oss stadig nye klede. Gjennom dette arbeidet vil vi ansvarleggjere styresmakter og produsentar, seier Lisbeth Løvbak Berg ved SIFO.
Saman med professor Ingun Grimstad Klepp og fleire andre forskarar har Berg gått gjennom strategiane til ei rekkje styresmakter, bransjeorganisasjonar og kleskjeder. Målet har vore å få kunnskap om korleis dei ulike aktørane i klesbransjen tek omsyn til ei stadig aukande mengd syntetiske tekstil på marknaden.
Det er teknologien som gjer at plast kan bli til klede som står bak den enorme auken i mengda klede på marknaden. Syntetiske klede er billige å produsere, lette å frakte kloden rundt og gir enorm forteneste i ei trendsvolten verd. «Plastelefanten» kallar forskarane denne veksten i syntetiske tekstilar. Det er ein vekst alle veit er der, men som få er villige til å gjere noko med.
Ingen tiltak for å få bukt med plast
Det blir gjort lite for å redusere plastbruken i tekstil, og så godt som ingenting hos merkevarene eller bransjeorganisasjonane, viser rapporten.
Ingen av strategiane presenterer klare, direkte tiltak for å stoppe plastifiseringa, sjølv om nokre av dei offentlege avgjerdstakarane indirekte inkluderer eit slikt mål. Då er det snakk om eit ønske om å erstatte fossile råvarer, altså plast, med andre materialar, til dømes bioplast.
Verken kleskjedene eller bransjeorganisasjonane inkluderer strategiar for å få ned det stadig aukande volumet av syntetiske klede.
– Dei overser eller vil ikkje sjå problemet, altså ein typisk elefant i rommet, seier Berg.
«Resirkulert» høyrest betre ut enn det er
Kleskjedene har rett nok vorte klar over å vise at dei tek miljøet på alvor, gjennom å tilby gjenbruk, gjensal og teknologiar for å gi mindre mikrofiberutslepp. Nokon tilbyr reparasjonskit, andre tilbyr til dømes posar til klesvask for å hindre spreiing av mikroplast.
Dei overser eller vil ikkje sjå problemet, altså ein typisk elefant i rommet.– Lisbeth Løvbak Berg
Ei av løysingane klesprodusentane kjem opp med er resirkulerte plastfibrar. I butikkstativa er det kort avstand mellom klesplagg merka «resirkulert polyester» eller liknande. Ofte består dette materialet av plastflasker som er gjort om til tekstilfiber. Og «resirkulert» høyrest jo bra ut?
– Problemet er at den resirkulerte plasten også blir til mikroplast, så denne løysinga gjer ingen forskjell for miljøproblemet, seier Berg.
Styresmaktene sine strategiar
Heller ikkje styresmaktene gjer nok for å hindre at plast kjem i tekstil, meiner forskarane, sjølv om det er mykje godt arbeid på gang.
Gjennom økodesigndirektivet vil EU fremje meir sirkulære forretningsmodellar, ved mellom anna å styrkje reparasjons- og gjenbrukssektorane. Det er også ei produsentansvarsordning på gang – gjerne omtalt som EPR – Extended Producer Responsibility. Denne vil påleggje produsentane å ta hand om klesavfallet vårt når vi er ferdige med å bruke eit plagg, kort sagt ta ansvar for eit plagg frå det blir laga til det er kasta.
– Det er fleire ting som gir håp, seier Berg, og nemner betre avfallshandtering, utvikling av tekstil som ikkje er laget frå plastflasker og tekstilresirkulering.
– Men dei kunne også ha lagt meir vekt på å bruke dei lokale naturfibrane vi har, både i Noreg og i EU, seier ho.
Det er berre éin ting som nyttar
Forskarane meiner likevel at verken styresmakter eller bransje går langt nok i å minske voluma med syntetiske klede som flaumar over i marknaden. Det er berre éin ting som verkeleg nyttar for å få ned miljøbelastninga frå klesforbruket vårt, og det er å få ned voluma, meiner dei.
Gjennom forslaget om eit målretta produsentansvar – Targeted Producer Responsibility, vil SIFO at dei som produserer klede med mykje plast skal betale mest. Målet er å redusere mengda plast i kleda. Dette vil mellom anna kunne målast ved å sjå på kor lenge plagg frå ulike kleskjeder er i bruk i gjennomsnitt.
Overser reduksjon
– Det er ingenting i bedrifters eller styresmakters strategiar som omtaler reduksjon, seier Berg.
– Tanken bak strategiane om reparasjon er at dette på sikt vil redusere klesforbruket og dermed også produksjonen. Problemet er at det vil ta for lang tid i forhold til kor alvorlege miljøproblema er.
Heile problemstillinga må snuast på hovudet, meiner ho.
– Hadde det vore færre plagg i omløp hadde vi måtta reparere. Hadde det vore færre plagg hadde vi ikkje hatt noko val. Vi er vande til vekst og til å bruke av ressursane i planeten. Det er ikkje lett å tenkje annleis i ein vekstøkonomi, seier ho.
Meir om plast i klede
Ingun Grimstad Klepp, Lisbeth Løvbak Berg, Anna Schytte Sigaard, Tone Skårdal Tobiasson og Lea Gleisberg: The plastic elephant. Overproduction and synthetic fibres in sustainable textile strategies (oda.oslomet.no). SIFO-rapport nr. 5-2023
Questions related to the TPR proposal (clothingresearch.oslomet.no)