Våren 2023 blei over 25 000 nordmenn spurde om dei hadde vore utsette for lovbrot det førre året. Det vil seie handlingar eller hendingar som tjuveri, vald, hatkriminalitet, seksuelle overgrep, digital kriminalitet og anna som er regulert gjennom straffelova.
Dei er også spurde om kor urolege dei er for å bli utsett for noko kriminelt, og kor stor tillit dei har til mellom anna politi og rettsvesenet.
I rapporten frå Nasjonal tryggleiksundersøking 2022, er det også gjord særlege analysar av kor utsett skeive personar er.
Skeive meir utsett
Medan omtrent éin av tre heterofile personar blei utsette for lovbrot i 2022, fortel halvparten av deltakarane som identifiserer seg som heterofile, lesbiske eller bifile (LHB-personar) at dei blei utsette for eit lovbrot i løpet av fjoråret.
– LHB-personar er særleg meir utsette for lovbrot som vald og seksuell vald, fortel NOVA-forskar Mette Løvgren, som leier arbeidet med undersøkinga.
Heile 22 prosent av LHB-personane i undersøkinga fortel at dei har opplevd minst éi valdshending i 2022. Det er meir enn dobbelt så mange som blant heterofile, der 10 prosent blei utsette.
Skilnaden er endå større for seksuell vald, som rommar alt frå seksuelt krenkjande åtferd og uønskt seksuell berøring til valdtekt. Éin av fire LHB-personar blei utsette for dette, mot 6 prosent blant heterofile nordmenn.
Meir bekymra
– LHB-personar er meir bekymra enn heterofile for å oppleve lovbrot, understrekar Løvgren.
– Bekymringa gjeld ikkje alle lovbrot, men lovbrot som dei som gruppe er meir utsette for, som vald, seksuell vald, diskriminering, hatkriminalitet og hatefulle ytringar.
– Mange LHB-personar kjenner nok til at seksuelle minoritetar er meir utsette for lovbrot, og er naturleg nok urolege for å bli utsette, seier Løvgren.
– Denne bekymringa, men særleg det faktumet at så mange fleire er utsette, må styresmakter og politiet vere merksame på.
Løvgren påpeikar også at LHB-personar har mindre tillit til andre enn det heterofile har.
– Her kan vi alle bidra, som kollegaer, vener og medmenneske, og hjelpe til slik at alle kan oppleve trygge situasjonar.
Les også: Ungdom som ikke er heterofile er mindre tilfredse med livet
Flest yngre er utsette for lovbrot
Løvgren og kollegaene har undersøkt om det er nokon som er meir utsette enn andre. Dei har vore særleg opptekne av bakgrunnsfaktorar som kjønn, alder, utdanningsnivå og innvandrarbakgrunn.
Eit hovudfunn er at yngre personar er mykje meir utsette enn eldre. I alderen 16–24 år fortalde omtrent 60 prosent at dei blei utsette for minst eitt lovbrot i 2022; her var kvinnene i fleirtal.
Unge kvinner er særleg utsette for seksuell vald
Yngre kvinner er særleg meir utsette for seksuell vald – og det gjeld alle typane av seksuell vald.
Rapporten viser at 10 prosent av kvinner i alderen 16–19 år og 8 prosent i alderen 20–24 år blei utsette for samleie eller analsex mot deira vilje eller i ein situasjon der dei ikkje kunne samtykkje. 8 prosent blei utsette for ei uønskt seksuell handling.
Sjølv om det har vore rapportert høge tal om seksuell vald tidlegare, er Løvgren likevel overraska over kor høge tala er.
Ho trekkjer fram at vi nok har ei blindsone for særleg ein type seksuell vald, nemleg å bli utsett for seksuell åtferd mot eins vilje (nakenskap, rørsler eller språk).
– Det er forstemmande å sjå at heile éin av fem unge jenter mellom 16 og 24 år opplevde dette i 2022.
Les også: Økning i rapportering av seksuell vold blant ungdom
Heile 94 prosent av dei som opplevde valdtekt, melde ikkje hendinga til politiet, og det same gjaldt 96 prosent av dei som opplevde seksuelt krenkjande åtferd.– forskar Mette Løvgren
«Vil ikkje hjelpe å melde til politiet»
Mange av deltakarane i undersøkinga fortel at dei ikkje har meldt lovbrotet, men meldingsdelen er ulik for dei ulike lovbrota. Når det gjeld seksuell vald, er det svært få hendingar som blir melde, og mørketala er store – også for alvorlege hendingar som valdtekt.
Heile 94 prosent av dei som opplevde valdtekt, melde ikkje hendinga til politiet, og det same gjaldt 96 prosent av dei som opplevde seksuelt krenkjande åtferd.
Forskarane har spurt om kva som var grunnen til at dei ikkje melde den seksuelle valden. Vanlege svar var at det ikkje ville hjelpt noko særleg – heile 35 prosent svarte dette. At hendinga var for bagatellmessig, var også vanleg å svare.
Av dei som hadde opplevd valdtekt, var vanlege grunner til ikkje å melde saken til politiet at ingen skulle få vite om det, eller at dei ikkje ville skape problem for personen som gjorde det– NOVA-forskar Mette Løvgren
– Av dei som hadde opplevd valdtekt, var vanlege grunner til ikkje å melde saka til politiet at ingen skulle få vite om det, eller at dei ikkje ville skape problem for personen som gjorde det, fortel Løvgren.
Ho er bekymra for at så mange oppgir at ei melding til politiet ikkje ville hjelpt, eller til og med at dei svarer at dei ikkje vil skape problem for overgriparen.
– Eg håpar at den som blei utsett, veit at det som skjedde dei, det er ikkje i orden. Å bli seksuelt krenkt eller oppleve eit overgrep, kan vere vanskeleg å handtere. Har det skjedd, så finst det fleire vegar å gå, som å kontakte overgrepsmottak eller melde hendinga til politiet, seier Løvgren.
Skjer på jobb, på skulen og ute på byen
Samtidig viser rapporten også at medan grov seksuell vald som valdtekt ofte skjer i private heimar, kan seksuelt krenkjande åtferd opplevast på langt fleire arenaer: på skulen, på jobben, ute på byen.
– Eg er bekymra for at unge jenter er så utsette, og på så mange stader dei bevegar seg, seier Løvgren.
– Eg trur ikkje nokon blir overraska over at unge jenter er så utsette for seksuell vald, og det tenkjer eg at er forstemmande. Vi burde bli overraska. Unge jenter er sjølv bekymra, og tala viser at det har dei rett i.
– Eg tilrår eit djupdykk i rapporten for dei som er interessert i å lese meir om dei ulike områda, avsluttar Løvgren.
Last ned rapporten
Mette Løvgren, Øivind Skjervheim, Asle Høgestøl, Andreas Kotsadam, Vegar Bjørnshagen, Christer Hyggen og Stian Lid (2023). Nasjonal trygghetsundersøkelse 2022. NOVA-rapport 14/23. Oslo: NOVA, OsloMet (oda.oslomet.no)
Om undersøkinga
Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg uro og sjølvopplevd sårbarheit for lovbrot i den norske befolkninga. Lovbrota som blir kartlagde, er lovbrot med personoffer.
Rapporten dekkjer fem grupper av lovbrot: 1) tjuveri, innbrot og ran, 2) vald og truslar, 3) seksuell vald, 4) digital kriminalitet og 5) diskriminering, hatefulle ytringar og hatkriminalitet.
Eit representativt utval blei trekt og invitert til å svare på undersøkinga. 25 420 personar deltok. Undersøkinga blei gjennomført våren 2023.
Den førre undersøkinga blei gjennomført i koronaåret 2020, men framover skal Nasjonal tryggleiksundersøking blir gjennomført dei neste fire åra. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som finansierer undersøkinga, som blir gjennomført av OsloMet (prosjektleiar), Frischsenteret og Ideas2evidence.