Skyer i arbeidslivshorisonten

Arild H. Steen - prosjektleiar for YS Arbeidslivsbarometer.

– Sjølv om norske arbeidstakarar stort sett er fornøgde, finst det nokre område der politikarar og næringsliv bør vera på vakt for å ta gryande problem ved rota, meiner Arild Steen, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet.

Det er særleg fire område prosjektleiaren for Arbeidslivsbarometeret og forskarkollega Dag Ellingsen framhevar som problematiske.

Mange vert haldne utanfor

– Mange er opptekne av arbeidsløysetala, men det er sysselsetjingstala me må følgja med på for å få eit inntrykk av verdiskapinga her i landet, uttalte Dag Ellingsen under lanseringa av årets Arbeidslivsbarometer på Arendalsuka.

– Denne grafen ser ikkje så fin ut, seier han, og peikar på ei kurve som har gått markant nedover dei siste ti åra.
I barometeret i år har forskarane difor valt å stilla spørsmål til eit nytt segment i tillegg til eit representativt utval arbeidstakarar, nemleg dei som står utanfor jobb.

– Me har spurt 1900 menneske som står utanfor arbeidslivet kva som er den viktigaste grunnen til at dei ikkje jobbar. Eit overveldande fleirtal av dei svarer «helseproblem», seier Arild Steen.

– Men det er òg viktig å merka seg at ein stor del – òg blant dei med dårleg helse – ønskjer å jobba. Her ligg det med andre ord eit stort potensial for auka sysselsetjing, dersom ein er viljug til å leggja til rette for dei som ikkje har helse til å jobba fullt, legg han til.

Om Arbeidslivsbarometeret

Arbeidslivsbarometeret tek for seg: legitimiteten til fagforeiningane, oppslutning om kollektiv lønnsdanning, arbeidsvilkår, stress og meistring, likestilt deltaking, og dessutan tryggleik og tilknyting i arbeidslivet.

Arbeidslivsbarometeret blir utført av forskarar ved Arbeidsforskningsinstituttet på OsloMet, på oppdrag for Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS).

Dei kollektive institusjonane blir utfordra

Organisasjonsdelen søkk sakte, viser barometertala. Det er særleg organisasjonsgrada i privat tenesteyting som bekymrar forskarane.

–  I dei bransjane som kanskje treng det mest, er ikkje arbeidstakarane medlemmer av fagforeiningar lenger. Butikktilsette, til dømes er blant yrka som er mest utsette for robotisering, men butikktilsette organiserer seg i stadig mindre grad, opplyser Steen.

Forskarane ser òg at andelen som får lønna si bestemt av tariff søkk.

– Synet på fagforeiningar generelt er positivt, fortel Steen, men diverre tek mange av dei dagens ordningar for gitt, og «gratispassasjerar» er eit problem.

Arbeidstakarane opplever aukande intensitet

– Me ser teikn til at mange arbeidstakarar opplever større kravet til effektivitet og leveransar, seier Steen.

Han peikar òg på ein svak, men klar, tendens til at arbeidstakarane er mindre fornøgde i år enn dei har vore i åra før.

– Dei fleste opplever at dei meistrar jobben, men særleg i lågt betalte yrke opplevast presset om å produsera meir og raskare.

Likestillinga går i sniglefart

Sjølv om kurvene i oversynet over går i rett retning, meiner forskarane endringane går merkeleg sakte.

– På heimebane ser me ein klar me ei klar forbetring, seier barometer-forskarane. – Men sjølv om det i arbeidslivet går i rett retning, ser me framleis ei tydeleg kjønnsdeling, seier Steen. – Likestillinga i arbeidslivet går med sniglefart.

Omgrep som «kvinneyrke» og «mannsyrke» består. Jenter og gutar vel framleis påfallande tradisjonelt, og lønnskløfta følgjer vande mønster. Kvinner tener framleis mindre, og det kjem til dels av at fleire kvinner jobbar deltid. Samtidig er visse bransjar framleis svært kvinnedominerte. I helse- og omsorgssektoren jobbar det til dømes 79 prosent kvinner.

De har no laget barometer i 10 år, kva er det viktigaste Arbeidslivsbarometeret har vist?

– Me har eit godt arbeidsliv, og det er viktig kunnskap, meiner barometer-leiar Steen.

– Noko av det viktigaste Arbeidslivsbarometeret gjer er å nyansera eller avfeia forenkla og bombastiske påstandar om norsk arbeidsliv. Når det til dømes blir sagt at unge ikkje interesserer seg for fagforeiningar, kan me visa solide tal som tilseier at det ikkje stemmer. Slike funn bør få norske fagforeiningar til å skjønna at dei rett og slett må hiva seg rundt og verva ungdommen.

Referansar

Denne saka vart publisert på hioa.no/vitenogpraksis 21.08.2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 27.08.2018
Sist oppdatert: 10.07.2023
Tekst: Katrine Aakrann Ziesler
Foto: Katrine Aakrann Ziesler

Relatert forsking

Illustrasjonsbilde tre ungdommer i et rom foran et stort vindu, to sitter én står
Unge hasjbrukarar slit på fleire område

Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet.

Barn som holder en kvinne i hånda
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger

Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.

Sommerfugler og andre flyvende insekter laget av papir på en vegg, en av sommerfuglene har fjær limt på vingene
Tidlig barnehagestart gir forsprang

Barn som begynner tidlig i barnehagen, får bedre logiske ferdigheter.

Folk som sit og et ved fleire langbord i ein restaurant med vindauge ut mot ei bygate.
Svenskane er ute til lunsj, medan nordmenn sver til matpakken

Matvanane i Noreg har endra seg overraskande lite dei siste 15 åra.

Lærer som korrigerer notatene til en elev
Hvorfor er det viktig at lærere og andre profesjoner skal kunne ytre seg fritt?

Hva skjer med styringen av profesjonene og i hvilken grad tør man å uttale seg overfor makten i dagens norske arbeidsliv?

Kvinnelig student i hvit frakk som ser inn i et mikroskop
Hva skal til for å ta en doktorgrad?

At stipendiatene skal bli ferdige på tiden fremmes stadig oftere som et krav.