Ungdomslivet på bygda og i byane er overraskande likt

Illustrasjonsbilete av ungdommar som sit i eit rom.

Mange tenkjer nok at det å vekse opp i Distrikts-Noreg er veldig ulikt frå det å vekse opp på større stader. No har NOVA-forskar Anders Bakken samanlikna liva til ungdom frå distrikta med ungdom som bur i meir sentrale område, og trass i enkelte forskjellar viser resultata langt fleire likskapar.

– Same kvar ungdom bur viser funna at dei aller fleste lever gode liv og driv med mange av dei same fritidsaktivitetane. Sidan rammene rundt ungdomslivet kan vere ulik i distriktet og i sentrale strøk, så er det overraskande at det er så mange likskapstrekk, seier Bakken.

– Det er viktig å sjå korleis ungdom frå ulike stader i Noreg har det, og det er også viktig for norsk politikk som har som mål å jamne ut forskjellane mellom by og bygd, seier han.

Mange tenkjer nok at det å vekse opp i Distrikts-Noreg er veldig ulikt frå det å vekse opp på større stader. No har NOVA-forskar Anders Bakken samanlikna liva til ungdom frå distrikta med ungdom som bur i meir sentrale område, og trass i enkelte forskjellar viser resultata langt fleire likskapar.

– Same kvar ungdom bur viser funna at dei aller fleste lever gode liv og driv med mange av dei same fritidsaktivitetane. Sidan rammene rundt ungdomslivet kan vere ulik i distriktet og i sentrale strøk, så er det overraskande at det er så mange likskapstrekk, seier Bakken.

– Det er viktig å sjå korleis ungdom frå ulike stader i Noreg har det, og det er også viktig for norsk politikk som har som mål å jamne ut forskjellane mellom by og bygd, seier han.

Godt sjølvbilete og trivast på skulen

Bakkens resultat viser altså at dei viktigaste faktorane i ungdomslivet er felles for dei fleste, uavhengig av heimstad.

Undersøkinga viser mellom anna at mange unge har godt sjølvbilete, trivst på skulen og liker foreldra sine. Ungdom i Distrikts-Noreg er like oppteken av å trene, spele dataspel og vere på sosiale medium som ungdom som veks opp på andre stader.

Om studien

Rapporten er skriven på oppdrag frå Distriktssenteret – kompetansesenter for distriktsutvikling. Analysane er baserte på Ungdataundersøkelsen som består av identiske spørsmål om ungdoms liv, og blir gjennomførte over heile landet.

I denne rapporten blir svara til ungdomsskuleelevar busette i dei 220 minst sentralt liggjande kommunane i Noreg samanlikna med ungdom som bur i meir sentrale kommunar. Sentralitet blir målt her i talet på arbeidsplassar og serviceinstitusjonar som kan nåast i løpet av ein 90 minutts køyretur.

Datamaterialet omfattar svar frå rundt 19.500 ungdomsskuleelevar frå dei minst sentrale delane av landet, og blir samanlikna med svar frå nærare 136.000 ungdommar i mellomsentrale og sentrale kommunar.

Meløy kommune i Nordland er ein av 220 distriktskommunar som har delteke i ungdataundersøkinga. Undersøkinga vart gjennomført på ungdomsskulane og på vidaregåande skule i 2015 og 2019, ho vart også gjennomført på vidaregåande skule i 2013.

– Eg synest ungdataundersøkinga er viktig for at vaksne skal få vite korleis ungdom har det, og fordi resultata kan brukast for å gjere ting endå betre for unge. Eg trur dei fleste elevane i Meløy er positive til Ungdata, seier Sunniva Pettersen (15), medlem av Meløy kommunes ungdomsråd og elev ved Glomfjord skule.

Kjenner seg igjen i svara

Pettersen fortel at ungdomsrådet har sett på resultata til kommunen, og at dei kjenner seg igjen i svara.

Ifølgje henne har svara frå Ungdata-undersøkinga bidrege til at kommunen har fått ungdomsklubb og møtestader for unge.

– I Meløy kommune bruker vi ungdataundersøkinga aktivt i arbeidet med unge. Eg opplever at politikarane og skuleadministrasjonen ønskjer å vite korleis ungdommen har det, og at dei synest det er nyttige med eit verktøy som kan samanlikne elevane våre med ungdom frå andre kommunar, seier Marlene Blomstereng Karlsen, folkehelserådgivar i Meløy kommune.

Ulike utdanningsplanar

NOVA-forskarar har for første gong nytta Ungdata-materialet til å samanlikne distriktsungdom og ungdom frå meir sentrale område. Sjølv om forskingsrapporten viser at mykje er likt, klargjer den også nokre interessante forskjellar.

Den største forskjellen er at langt færre unge i distrikta siktar seg mot høgare utdanning enn ungdom frå sentrale område. Blant unge i distrikta trur 49 prosent av ungdommen at dei vil ta høgare utdanning, mot 63 prosent i sentrale strøk.

Kva kan forklare forskjellane?

– Undersøkinga viser at ungdom som veks opp i grisgrendte strøk ikkje ser for seg å vere like lenge i utdanningssystemet som ungdom frå resten av landet. Éi mogleg forklaring kan vere at fleire ønskjer å bli fagarbeidarar innan handverksfag og at ein ikkje treng høgare utdanning for å oppnå det, seier Bakken.

Ifølgje Bakken kan forskjellane i utdanningsplanane også kjem av at distriktsungdom og ungdom frå sentrale område har ulike haldningar til utdanning, eller at det er fleire jobbar i distrikta som ikkje krev utdanning.

Mindre prestasjonspress blant distriktsungdom

Eit anna interessant funn viser at prestasjonspress knytt til skulen er litt mindre utbreidd i distrikta, og Bakken ser ikkje bort frå at desse to funna kan henge saman. 

– Unges utdanningsplanar kan påverkast av haldningar i miljøa deira. I vennegjengar der skuleprestasjonar og karakterar er viktig, kan dette påverke ønsket til den enkelte om å studere, seier Bakken.

Les og last ned rapporten

Bakken, A. (2020). Ungdata. Ung i Distrikts-Norge. NOVA-rapport 3/20 (oda.oslomet.no)

Kontakt

Laster inn ...
Fem ungdommer i et klasserom med bøker på pultene.
Ungdata: Færre ungdommer trives på skolen

Den nasjonale Ungdata-rapporten for 2019 viser at flere ungdommer kjeder seg på skolen og bruker mindre tid på lekser.

To smilende jenter på sykkel fotografert nedenfra
Norske barn har det veldig bra, men ikke alle

Det viser svarene fra over 15 000 barn mellom 10 og 12 år som har deltatt i spørreundersøkelsen Ungdata junior.

Ungdommar som står i ein korridor på ein skule.
Skuleopptak med karakterar skaper mest ulikskap

Er loddtrekking beste metode for å gi elevar plass på vidaregåande skule i Oslo? No har forskarar testa fem ulike modellar for inntak i Oslo.

Håndholdt mobil viser ungdom som trener fotball gjennom mobilkamera.
Ungdom fra lavere sosiale lag slutter med idrett først

Seks av ti ungdommer slutter med organisert idrett i løpet av ungdomstiden, og unge fra lavere sosiale lag faller først fra, viser nye analyser av Ungdata.

Flere ungdommer får servert hamburgere ved et bord.
Unge drømmer om grønnsaker, men digger kjøtt

Selv om det er de unge som er mest interessert i kjøttkutt, er det faktisk denne gruppen som spiser mest kjøtt. Det viser en ny rapport fra SIFO på OsloMet.

Publisert: 16.02.2020
Sist oppdatert: 30.07.2024
Tekst: Helene Wille Lund
Foto: Maskot