Korleis få unge med psykiske helseproblem i jobb?

Hendene til bilmekanikarar som jobbar med verktøy på ein bilmotor.

Utanforskap blant unge verkar ved inngangen til 2018 som ein av dei store samfunnsutfordringane våre. Tal frå Nav viser at medan andelen uføre eldre går ned, veks andelen unge uføre, og auken er størst i gruppa av unge med psykiske helseproblem.

– Vi snakkar her om ungdom med eit uklart sjukdomsbilete, ofte i kombinasjon med avbrot i vidaregåande utdanning og behov for samansette tenester. Nokon har over tid opparbeidd seg «hol i CV-en», som kan bli sjølvforsterkande om ikkje sirkelen blir broten, fortel NOVA-forskar Janikke Solstad Vedeler ved OsloMet.

Saman med NOVA-forskarane Miriam Evensen, Elisabeth Ugreninov og Are Vegard Haug har ho gjennomført prosjektet «Modellar for beste og neste inkluderingspraksisar mellom arbeidsgivarar og Nav» med finansiering frå Nav FoU.

Om prosjektet

Ved hjelp av både ei spørjeundersøking og djupneintervju har forskarane undersøkt arbeidsgivarars inkluderingspraksisar. 1501 arbeidsgivarar i seks bransjar svarte på eit spørjeskjema med 17 spørsmål, og 12 arbeidsgivarar vart bedne om å utdjupe mange av dei same spørsmåla som vart stilte i spørjeskjemaet.

Det er valt bransjar der unge personar i stor grad jobbar. Bransjane var industri, bygg og anlegg, varehandel, overnatting og servering, helse og sosial og barnehagar.

Prosjektet er initiert av Nordlandsforskning og Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet.

Prosjektet er utført med finansiering frå Nav FoU.

Arbeidsgivarars historier er viktig

Gjennom prosjektet har forskarane intervjua arbeidsgivarar om erfaringar med invitasjon til jobbintervju, tilsetjing og haldningar til inkludering av unge med psykiske helseproblem og «hol i CV-en».

Hovudbodskapen frå studien er at mange arbeidsgivarar fortel at dei rekrutterer og inkluderer unge personar under 30 år som slit med psykiske utfordringar.

To av tre arbeidsgivarar seier dei er positive til å kalle inn ein jobbsøkjar med «hol i CV-en», som kan komme av psykiske helseproblem, til intervju.

17 prosent oppgir at dei har tilsett ein ung person med slike utfordringar  dei siste to åra, 76 prosent har svart at dei ikkje har det, medan 6 prosent har svart «veit ikkje».

Springbrett inn i arbeidslivet

Arbeidstrening er det mest brukte tiltaket retta mot å få unge i arbeid. Omtrent halvparten av arbeidsgivarane oppgir å ha tilbode Nav-kandidatar arbeidstrening, og halvparten av desse har tilsett vedkommande i etterkant.

I intervjua kjem det fram at medan nokre av arbeidsgivarane meiner at arbeidstrening er «det beste jobbintervjuet i verda» og ser på arbeidstrening som ein rekrutteringskanal, forheld andre seg til arbeidstrening i tråd med det som er hensikta av tiltaket, nemleg å gi opplæring i vanlege arbeidsoppgåver i ein avgrensa tidsperiode.

Tre føresetnader for å lykkast

Uavhengig av korleis arbeidsgivarar forheld seg til arbeidstrening, kom det fram tre hovudvilkår for at arbeidstrening skal vere vellykka for Nav-kandidaten, sett frå arbeidsgivars ståstad:

Informasjonsflyten kan bli betre    

I studien fekk arbeidsgivarane spørsmål om kva som må leggjast til rette frå Navs  side for at bedriftene ønskjer å tilsetje unge med samansette problem. Dei to tiltaka som får mest oppslutning er tilgangen på ein fast kontaktperson hos Nav og dessutan lønnstilskot.

Mange av arbeidsgivarane gav uttrykk for at dei ikkje hadde kunnskap om dei ulike ordningane frå Nav på dette området. Her er det ifølgje forskarane eit forbetringspotensial.

Omtrent halvparten av verksemdene oppgir å ha hatt erfaring med kandidatar på arbeidstrening. Kjenneteikna ved desse er at dei har ein viss storleik og at dei er inkluderande arbeidsliv verksemder.

Referanse

Vedeler, J.S, Evensen, M., Ugreninov, E. & Haug., A.V.: Arbeidsgiveres inkluderingspraksiser. Hva kjennetegner arbeidsgivere som ønsker å rekruttere unge med psykiske helseproblemer og «hull i CV-en»? NOVA Notat 1/18 (oda.oslomet.no)

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på tidlegare hioa sine nettsider 21. februar 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 25.10.2018
Sist oppdatert: 31.07.2024
Tekst: Halvard Dyb
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Relaterte saker

Mann foran NAV-kontor
Tøft arbeidsliv for de unge etter koronakrisen

Koronapandemien har ført til en helsekrise og økonomisk krise for Norge. Spesielt unge arbeidstakere kan slite med å få arbeid etter krisen.

Ung mann sitter og ser ned
Arbeidsgivere er skeptiske til unge med psykiske helseproblemer

Er du ung og har hull i CV-en på grunn av psykiske helseproblemer, vil de fleste arbeidsgivere vegre seg mot å innkalle deg til jobbintervju, viser undersøkelse. Arbeidsgivere trenger mer kunnskap, mener forsker.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.
Myter stenger synshemma ute

– Arbeidsgjevarar kan ikkje nok om synshemming og vel heller å ikkje tilsetje søkjarar.

Mann som sit på ein benk med hovudet i hendene i ein skog.
Korleis hindre at fleire unge hamnar på uføretrygd?

Talet på varig uføretrygda under 30 år er dobla sidan 2006. Kva bør gjerast?