I femten år har ein mann brukt vald mot kona og barna. Så vil han ha dei med på ferie til opphavslandet. Han lokkar og pressar, får dei til slutt med, og vel framme konfiskerer han passa og returbillettane. Han får hjelp av familien sin, som dei bur hos, til å halde kontroll over kona og barna, også når han sjølv reiser tilbake til Noreg.
Dette var ei av sakene Anja Bredal kom over då ho undersøkte korleis kvinner i Noreg blir utsette for transnasjonal vald av partnar, partnars familie eller eigne foreldre. Saka var oppe for ein norsk tingrett for nokre år sidan. Mannen blei dømd.
Bredal har intervjua valdsutsette kvinner og studert norske straffesaksdommar. Ho skildrar ein praksis som tidvis har fått mykje omtale i media men nokså lite merksemd i forskinga.
– Valdsutøvarar utnyttar ei tilknyting til fleire land for å etablere og oppretthalde eit valds- og kontrollregime. Dette kan skje på ulike måtar, alt frå å dumpe familiemedlemmer i opphavslandet til trugslar om å drepe konas slekt i landet ho kjem frå, seier Bredal, som er forskar ved NOVA på OsloMet.
Rekordmange saker i 2024
Ho har ikkje undersøkt kor stort omfanget av transnasjonal vald er, men det statlege Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold rapporterte nyleg om 1402 enkeltsaker i 2024 (bufdir.no), noko som var ny rekord.
Ein del av sakene var transnasjonale, for eksempel gjaldt 30 prosent ufrivillig opphald i utlandet eller frykt for dette.
Vi lever stadig meir globaliserte liv. Likevel har vi i dag ei straffelov som er svak når det gjeld å ramme vald som skjer i utlandet.– Anja Bredal
Ifølgje fagorganet Bufdir er mørketala truleg store, fordi mange ikkje tør å melde frå.
Fryktar å miste kontrollen
Bredal forklarer at kvinner eller barn som lever i eit valdsregime, kan bli ekstra sårbare viss familien har tilknyting til eit anna land.
– Det er ofte når valdsutøvaren er redd for å miste kontrollen at det transnasjonale blir eit element. Kanskje er det ei dotter som har ein kjærast ho ikkje burde ha, eller ei kone som har lært seg norsk mot ektemannens vilje og slik fått høyre om eit krisesenter. Då kan tilknytinga til utlandet gje valdsutøvaren ei moglegheit til å oppretthalde kontrollen.
Ho intervjua rundt 97 kvinner og konsentrerte seg i studien om dei med migrasjonsbakgrunn, som utgjorde rundt ein fjerdedel. Dei hadde bakgrunn frå Afghanistan, Bosnia, Irak, Iran, Pakistan, Somalia, Syria, Tsjekkia og Tyrkia.
I fleire av desse landa er hjelpeapparatet svakare enn i Noreg; kanskje finst det få eller ingen krisesenter. Nokon land har også eit lovverk som gjev mannen ei sterkare rettsstilling enn kvinna.
Ein må ikkje bagatellisere det om ei kvinne fortel at familien i opphavslandet har blitt truga. Det kan vere eit reelt trugsmål.– NOVA-forskar Anja Bredal

Det kan vere vanskeleg å få hjelp i utlandet
– Blir ein sendt til opphavslandet mot sin vilje, kan valdsutøvaren eller hans kontaktar passe på at dei som er utsette, ikkje klarer å oppsøke ein norsk utanriksstasjon, forklarer Bredal.
Samtidig kan det vere vanskeleg å få hjelp, sjølv om ein når fram: Ifølgje ein rapport frå Institutt for samfunnsforskning (samfunnsforskning.no) er det berre eit fåtal kvinner som oppsøker norsk hjelp i utlandet, som får reise heim.
– Kva hjelp du kan få, avhenger av fleire variablar, mellom anna om personen er norsk statsborgar. Å hindre kvinna i å etablere ei trygg rettsleg tilknyting til Noreg kan være eit element i valdsregimet.
– Hjelpeapparatet må vite dette
Bredal meiner at det er viktig at folk i det norske hjelpeapparatet er klare over fenomenet transnasjonal vald og korleis det kan arte seg.
Ei kvinne i ei straffesak budde i Noreg og hadde fått valdsalarm, medan partnaren hadde besøksforbod. Likevel var kvinna fortvila, fordi ingen beskytta familien hennar i Pakistan.
– Ein må ikkje bagatellisere det om ei kvinne fortel at familien i opphavslandet har blitt truga. Det kan vere eit reelt trugsmål. Kanskje veit ho at partnerens familie har ressursar, og at rettssystemet i landet er svakt, seier Bredal.
I enkelte tilfelle kan valdsutøvaren ikkje berre tvangssende kvinna til opphavslandet, men også ta over omsorga for felles barn i Noreg.– Anja Bredal
Det er vanskeleg for norske styresmakter å gjere tiltak i andre land, men eit transnasjonalt perspektiv kan gjere kvinnas frykt og strategiar meir forståelege, legg ho til.
Kan oppretthalde valden på avstand
Bredal understrekar at transnasjonale valdsregime kan ta mange former. Vald kan bli utført i fleire land over lang tid. Trugslar kan ofte spele på at kvinna kjenner norske forhold dårleg, for eksempel kan ho bli fortalt at norsk politi vil valdta henne og sende henne til opphavslandet om ho kontaktar dei.
Trugslane kan også ha sterk effekt fordi kvinna kjenner forholda i opphavslandet godt: For eksempel kan valdsutøvaren truge med å fortelje ting til slektningane hennar, som at ho har vore utru. Dette kan bringe skam over henne i eigen familie og få store konsekvensar, spesielt i opphavslandet.
I enkelte tilfelle kan valdsutøvaren ikkje berre tvangssende kvinna til opphavslandet, men også ta over omsorga for felles barn i Noreg.
Valden kan ramme både partnarar, mindreårige og vaksne barn, og han kan til og med skje på avstand:
– Har du levd i eit valdsregime over lang tid, er du i ein konstant frykttilstand. Då kan valdsutøvaren oppretthalde kontrollen på telefon.
Rettssystemet er ikkje tilpassa transnasjonal vald
Den norske straffelova omfattar lovbrot i Noreg. Skal ein straffe lovbrot som har skjedd i andre land, må lovbrotet som hovudregel vere straffbart i begge land.
Paragraf 5 i straffelova (lovdata.no) ramsar likevel opp nokre unntak, altså situasjonar der lovbrot i utlandet kan bli straffa i Noreg sjølv om det ikkje er straffbart i landet der det har skjedd. To eksempel er kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Tidlegare var også mishandling i nære relasjonar eit slikt unntak, men dette vart endra.
– Vi lever stadig meir globaliserte liv. Likevel har vi i dag ei straffelov som er svak når det gjeld å ramme vald som skjer i utlandet, seier Anja Bredal.
Justis- og beredskapsdepartementet sende i 2020 eit lovforslag på høyring der mishandling i nære relasjonar på nytt blir gjort til eit unntak. Sidan har forslaget blitt utvida i utreiinga NOU 2024: 13 Lov og frihet (regjeringen.no). Ifølgje departementets kommunikasjonsavdeling vil departementet vurdere dette utvida forslaget som eit ledd i oppfølginga av NOU-en.
Bakgrunn
- Referanse: Bredal, Anja (2022). Transnational Regimes of Family Violence: When Violence Against Women Crosses Borders. I Bows, Hannah; Fileborn, Bianca (red.): Geographies of Gender-based Violence. A Multi-Disciplinary Perspective. Bristol University Press.
- Anja Bredals studie er del av Voldsprogrammet, eit forskingsprogram som handlar om å forstå vald i nære relasjonar og konsekvensane for dei utsette. Programmet blir avslutta i 2025/2026.