Forskingsresultata viser at samansetninga av nabolag kan påverke både dei med høg inntekt og dei med lågare inntekt til å flytte. Mange oslofolk føretrekkjer altså homogene nabolag.
– Folk flokkar seg saman som fuglar trass i ei offentleg målsetjing om variasjon av bebuarar i nabolag, seier professor og forskar Lena Magnusson Turner ved forskingsinstituttet NOVA på OsloMet – storbyuniversitetet om hovudfunnet i studien og framhevar at dette gjeld alle inntektsgrupper.
Vil ulike økonomiske klassar i nabolag tolerere miks eller vil dei flytte ut? Og kva skjer når familiar med låge inntekter flyttar inn i nabolag? Kva grupper i nabolaget er mest tilbøyelege til å flytte ut dersom bebuarbiletet endrar seg?
Det har vore utgangspunktet for studien som er ein del av eit forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet der forskarar frå OsloMet, Universitetet i Uppsala, UiO og Wayne State University i USA bidreg. Prosjektet tek for seg rolla på bustaden i produksjon og reproduksjon av sosial ulikskap.
Kva er drivkrafta for å flytte?
Studien er gjord i samarbeid med professor i samfunnsøkonomi Georg Galster frå Wayne State University i USA, og er ein totalstudie over alle husstandar i Oslo kommune over perioden 2010 til 2014.
Forskarane har sett på korleis folk flyttar avhengig av eigen sosial bakgrunn og den sosiale profilen i nabolaget. Dei har vore opptekne av den sosiale og økonomiske samansetninga i dei ulike nabolaga.
Folk flokkar seg saman som fuglar trass i ei offentleg målsetjing om variasjon av bebuarar i nabolag.– OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner
– Vi har ønskt å seie noko om økonomiske forskjellar mellom kvart enkelte hushaldet og nabolaget som drivkraft for å flytte, seier forskaren.
Mest inntekt – flyttar mest
Forlèt du nabolaget når den økonomiske og sosiale avstanden mellom deg og naboane dine blir for stor?
Resultat frå studien viser at dei med høgast inntekt er mest tilbøyelege til å flytte når det blir fleire naboar med lågare inntekter, medan dei med lågare inntekter ikkje flyttar så ofte.
– Kanskje seier dette noko om status ved å ha naboar med høge inntekter, seier professoren.
Middels inntekt - høgast toleranse
Forskaren fortel at flytting av ulike inntektsgrupper har størst konsekvensar for dei med låge inntekter som økonomisk ikkje har så store valmoglegheiter som dei med høgare inntekter.
– Gruppa med låge inntekter kan tenkjast å bli ufrivillig stor og dermed forpurre intensjonane i integreringspolitikken om eit mangfaldig samfunn, seier forskaren.
Det er interessant at det finst ei gruppe med høge inntekter som er med på å auke forskjellar også i samfunnet vårt.– OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner
Funna viser også at medan dei med høg status har den lågaste toleransen for innflytting av fleire låginntektsgrupper, har dei med middels inntekt den høgaste toleransen.
– Dei med middels inntekt utgjer den store massen. Derfor kan vi rekne med at vi ikkje får så stor ubalanse mellom gruppene, men dette er interessant også i norsk samanheng nettopp i forhold til det demokratiske verdigrunnlaget vårt.
– Og det er interessant at det finst ei gruppe med høge inntekter som er med på å auke forskjellar mellom folk også i samfunnet vårt – sjølv om denne gruppa ikkje er så stor så aukar denne gruppa i heile landet, påpeikar forskaren.
Nye utfordringar i bustadpolitikken
– Politikarar og byplanleggjarar har lenge jobba for auka sosial miks i nabolag. Sosial og økonomisk variasjon av bebuarar i nabolag har vore rekna som gunstig for betre integrering og toleranse, seier professor Lena Magnusson Turner om noko av utgangspunktet for studien.
– Samfunnet vårt byggjer på grunnleggjande sosialdemokratiske verdiar som likskap, og det er det fremste politiske argumentet for å skape nabolag med ulike sosio-økonomiske grupper. Denne politikken har ført til betre sosial blanding enn i byar der busettingsmønster eine og åleine blir styrt av marknadsmekanismar.
Men no fører veksten blant dei rikaste til at politikken fungerer dårlegare enn før.
Når gruppa med høge inntekter veks skapar det utfordringar for politikarar og byplanleggjarar.– OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner
– Det er viktig å understreke at Noreg og Oslo har ei befolkningssamansetning i nabolaga som er meir blanda enn i mange andre land. Men når gruppa med høge inntekter veks skapar det utfordringar for politikarar og byplanleggjarar for å nå måla om blanding.
– Resultata i studien vekkjer tankar om korleis det sosiale kartet blir påverka og korleis det kan ha innverknad på grunnleggjande verdiar i samfunnet. I denne samanhengen er media sterkt med på definere Vest og Auste og gi inntrykk av bra og dårleg, noko som kan vere med å påverke folk til å velje kvar dei vil bu, avsluttar OsloMet-forskaren.
Referanse
Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 19.03.2018