Formålet for prosjektet er å skaffe kunnskap om problemstillingar knytt til temaet «bustader for ei aldrande befolkning».
I ein situasjon der vi blir stadig fleire eldre, er det viktig at den ordinære bustadmarknaden tilfredsstiller både befolkninga og behovet til dei kommunale omsorgstenestene for lettstelte og tilgjengelege bustader.
Vi er særskilt opptekne av mellom anna følgjande tema:
- Vurderingane til bustadnæringa av rammevilkåra for produksjon av bustader eigna for seniorar og eldre, med spesiell vekt på bustader med fellesfunksjonar (trimrom, forsamlingslokale, hotellrom osb.).
- Effektane av Husbankens tilskot til tilpassing av bustader.
- Økonomiske innsparingar og kostnader for stat, kommune og individ knytt til ulike tilpassingar av eldre sine eigne bustader.
Desse temaa blir undersøkte ved hjelp av kvalitative intervju og to surveyer sende til høvesvis representantar for bustadnæringa og norske kommunar.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
J. Sørvoll, V. Nordvik, K. Aarland og Hans Christian Sandlie (2018). Bolig i det aldrende samfunnet. Analyse av rammebetingelser for framskaffelse av velegnede boliger for eldre. NOVA Rapport 12/18. (oda.oslomet.no)