Formålet med prosjektet er å utvikle ein effektiv metode for planvask. Det vil seie ein metode for ein systematisk og strategisk gjennomgang av alle eldre reguleringsplanar i éin kommune, med sikte på å få eit plangrunnlag som er oppdatert med omsyn til dagens kunnskap, politikk og lovverk.
Larvik kommune har fått tildelt midlar frå Noregs forskingsråd til innovasjonsprosjektet «Operasjon planvask» innanfor temaområde; «Berekraftig arealbruk».
Saman med Holth & Winge, Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norkart og OsloMet, skal Larvik leggje grunnlaget for ein totalrevisjon av alle eldre reguleringsplanar i kommunen. I dette ligg mellom anna å sikre at planane byggjer på dagens kunnskap, lovverk og politikk innanfor tema som klima, natur, jordvern, sårbarheit og risiko, utbyggingsbehov m.m.
Ved bruk av Larvik kommune som pilot-kommune, skal prosjektet kartleggje alle utfordringar og moglegheiter som ligg i ein slik prosess, og med dette utvikle ein metode for ressurseffektiv planvask som kan nyttast av kommunane i landet. Kommunen har i dag om lag 766 gjeldande reguleringsplanar, og dei fleste er vedtekne før dagens plan- og bygningslov tredde i kraft.