Dette prosjektet vil undersøkje kva som påverkar sosial ulikskap i helse, og korleis ulik organisering av helse- og omsorgstenester kan bidra til sosial ulikskap i aldring.
«Social Inequalities in Ageing» (Sia) – er eitt av fem prosjekt som fekk tilslag då NordForsk lyste ut midlar innan temaet ujamn fordeling av helse og velferd.
Prosjektet skal ta for seg to tett samanhengande hovudområde. For det første vil prosjektet kartleggje faktorar som påverkar sosial ulikskap i helse og funksjon frå midt i livet og oppover, inklusiv dei aller eldste. For det andre vil prosjektet sjå nærare på velferdsreformer i dei nordiske landa dei siste 20 år og utforske korleis reformer innanfor helse- og omsorgstenester kan ha bidrege til nye sosiale ulikskapar i aldring.
Det som særleg skil prosjektet frå anna forsking på dette området, er det sterke fokuset på betydning av sosial ulikskap, ikkje berre sosioøkonomisk, men også ulikskap knytt til kjønn og etnisitet.
Prosjektet blir leidd av professor Johan Fritzell frå Aging Research Centre (ARC) ved Karolinska instituttet i Stockholm og er eit samarbeid mellom forskarar frå Danmark, Finland, Island og Noreg.
Maja Weems Grøtting er doktorgradsstipendiat på prosjektet ved NOVA.
Marijke Veenstra er NOVAs prosjektleiar.
Prosjektdeltakarar ved OsloMet
Samarbeidspartnarar
- Karolinska Institutet
- Stockholm University
- University of Copenhagen
- University of Tampere
- University of Iceland
Publikasjonar
- Enroth, L., Veenstra, M., Aartsen, M., Kjær, A. A., Nilsson, C. J., & Fors, S. (2019). Are there educational disparities in health and functioning among the oldest old? Evidence from the Nordic countries. European Journal of Ageing, 16(4), 415-424 (link.springer.com)
- Grøtting, M.W. (2019) Empirical Essays on Health and Aging. Doctoral thesis. University of Bergen, Department of Economics, Norway
- Aartsen, M., Veenstra, M., Hansen, T. (2017) Social pathways to health: On the mediating role of the social network in the relation between socio-economic position and health. SSM – Population Health (pubmed.ncbi.nlm.nih.gov)
- Grøtting, M.W., Lillebø, O. S. (2017). Health effects of retirement. Evidence from survey and register data.. 38 s. Working paper, Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen (econpapers.repec.org)