Studie av kva som er årsak til lang saksbehandlingstid i plan- og byggjesaker, klargjort gjennom statistisk analyse og komparativ case-analyse.
Kommunal- og distriktsdepartementet har bede om ei undersøking av årsaker til høg tidsbruk i plansaker og forslag om tiltak for å sikre meir effektive planprosessar.
Rapportering i Kostra-systemet viser at saksbehandlingstida er høg, og aukande i mange kommunar, særleg i pressområde. Gjennomsnittstal for landet viser ein klar auke av saksbehandlingstid i kalenderdagar frå oppstartsmøte til endeleg vedtak for reguleringsplanar. Det same gjeld byggjesøknader.
Den største utfordringa med lang saksbehandlingstid er at bustadproduksjonen går for sakte, og marknaden blir svært pressa i dei største byområda. I plattforma til regjeringa er ønsket om forenkling av planprosessane tydeleg framheva.
Meir om prosjektet
Studien som NIBR gjer saman med ASPLAN, skal klargjere tidsbruk kvantitativt gjennom å lage eit eige datasett for kommunane basert på fleire ulike datakjelder og gjennom utdjupande caseanalyse.
Vi reknar med at kommunar som kanaliserer nybygging til fortetting og transformasjon av allereie oppbygde område, vil ha større utfordringar enn kommunar som kan kanalisere mykje av nybygginga på “jomfruelege” areal. Vi vil derfor sjå tidsbruk i samanheng med sakskompleksa.