Brettspelet om personleg økonomi

Høyr OsloMet-student Knut Raanæs snakke om det sjølvlaga brettspelet "I quit".

Då pandemien hende blei det mykje tid til bøker og podkastar. Då han las økonomibøker slo det han at informasjonen om personleg økonomi var vanskeleg tilgjengeleg. Å ta opp ei bok og lese kan vere tungt for mange. Kva om ein lærer det via eit spel i staden for? Monopol, som dei fleste har spelt, tar ofte lang tid og endar fort i misnøye.

Så han laga derfor brettspelet "I quit" der poenget er å bli økonomisk uavhengig først. Brettspelet har på kort tid blitt populært, og den store versjonen er akkurat no utseld.

Raanæs tar ein bachelor i økonomi og administrasjon ved OsloMet og kjem til Lunsjpåfyll for å snakke om brettspelet.

Du kan låne spelet i Biblioteket P35. Introduksjonsvideo til spelet (weebly.com).

Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.

Arrangementet er ope for alle! Ta gjerne med lunsjen din, vi står for kaffi og te.

Bli gjerne med på spelkveld-arrangementet 18. februar for studentar (student.oslomet.no).