English version

Disputas: Anniken Fleisje

Anniken Fleisje disputerer for grada ph.d. i profesjonsstudiar med avhandlinga «Når legar pressar pasientar: Kommunikativ paternalisme og ikkje-så-delt avgjerdstaking».

Vurderingskomiteen består av:

Disputasleiar er senterleiar Beate Elvebakk, Senter for profesjonsforsking.

Rettleiarane er

Om avhandlinga

Paternalisme er å køyra over ønska til andre for deira eige beste. Tvangsbehandling er eitt døme på medisinsk paternalisme – altså paternalisme som blir gjord av legar eller anna helsepersonell overfor pasientar. Andre døme er å lyga om prognosar for at pasientane ikkje skal mista motet, og å pressa pasientar til medisinske inngrep i den trua at behandlinga har positive helseeffektar.

Det siste hundreåret har medisinsk paternalisme i aukande grad vorte rekna som etisk uakseptabelt, og mange har omfamna samval som den ideelle tilnærminga til medisinske avgjerder. Under samval samarbeider lege og pasient om å finna fram til ønskt behandling.

Problemstilling

I denne avhandlinga fokuserer eg på paternalisme i lege-pasient-kommunikasjon – eller det eg kallar kommunikativ paternalisme. Nærare bestemt diskuterer eg tilfelle der legar prøver å få pasientar til å gå med på éin type behandling, samtidig som pasienten sjølv ønskjer noko anna.

Diskusjonane er filosofiske og normative, med utgangspunkt i kvalitative analysar av videoopptak av lege-pasient-samtalar ved eit norsk sjukehus.

I avhandlinga undersøkjer eg kva paternalisme eigentleg er; korleis ein medisinsk konsultasjon kan utvikla seg frå ein ikkje-paternalistisk til ein paternalistisk samtale; og kva som er det etisk problematiske i paternalisme overfor pasientar. Vidare diskuterer eg om paternalisme likevel kan tenkjast å vera er betre enn ryktet sitt, og dersom legar først skal opptre paternalistisk, korleis dei bør gjera det. 

I tillegg til å diskutera desse temaa, presenterer eg – med utgangspunkt i fagfeltet empirisk bioetikk – ein modell for å kombinera empirisk data med filosofiske og normative analysar. Avhandlinga består av tre artiklar i tillegg til kappen. 

Artiklane

I første artikkel, «Paternalistic persuasion», argumenterer eg for at ein lege som overtaler ein pasient til behandling opptrer paternalistisk, medan å overtyda ikkje er paternalistisk. Å overtyda, slik eg definerer det, betyr å få pasienten til å ønskja å gå gjennom behandlinga. Å overtala, derimot, betyr – slik eg forstår det – at pasienten samtykkjer til behandling sjølv om han ikkje ønskjer det. 

Andre artikkel, «Scared decision-making», handlar om korleis frykt hos pasientar kan påverka samval. Vidare diskuterer eg kva legar kan og bør gjera når pasientar er motvillige til foreslått behandling fordi dei er redde for kva han inneber. Eg argumenterer for at dersom pasientane framleis er redde og motvillige når avgjerda er teken, er ikkje avgjerda «delt» mellom lege og pasient – og samvalsprosessen kan ha enda i paternalisme. 

I tredje artikkel, «Four types of paternalism», kategoriserer eg dei ulike formene for paternalisme eg har observert inn i fire ulike kommunikasjonsstilar – «faitaren», «advokaten», «sympatisøren» og «fiskaren» – og diskuterer desse normativt.

Diskusjon

Til slutt reiser eg spørsmålet: Trass i dei etiske problema knytt til paternalisme, kor ille er eigentleg medisinsk paternalisme – teken i betraktning at mange pasientar strevar med å ta gode val for seg sjølve? Og har ikkje samval også normative fallgruver?

I staden for ganske enkelt å fordømma paternalisme, foreslår eg at det bør diskuterast korleis legar kan vera paternalistiske ein god måte.

Dei tentative svara mine er mellom anna at legar bør unngå «skjulte» paternalisme og dobbeltkommunikasjon, og at dei bør opptre sympatisk – men at det å uttrykkja overdriven sympati òg, paradoksalt nok, er problematisk.

Kontakt

Laster inn ...