Tittel på prøveforelesinga er: "Eit sentralt tema i nordisk forsking om funksjonshemming og arbeidsinkludering har vore den relasjonelle modellen. På kva måtar har den relasjonelle modellen i forsking bidrege til auka kunnskap om føresetnadene til funksjonshemma for deltaking i arbeidslivet? Kva rolle har modellen hatt for utvikling av den norske arbeidslivspolitikken? Diskuter di eiga avhandling som eit bidrag inn i denne diskursen".
Følgjande komité er oppnemnd:
- Førsteopponent er professor Marianne Hedlund, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.
- Andre opponent er dosent Jens Ineland, Umeå universitetet.
- Tredje opponent er førsteamanuensis Wenche Bekken, Institutt for sosialfag, OsloMet.
Leiar for disputasen er dekan Oddgeir Osland, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Per Koren Solvang ved Fakultet for helsevitenskap, OsloMet.
Medrettleiar er professor Rune Halvorsen ved Fakultet for samfunnsvitenskap, OsloMet.
Medrettleiar er professor Tone Alm Andreassen ved Senter for profesjonsstudier, OsloMet.
Samandrag
I denne avhandlinga blir arbeidsinkludering utforska som ein praksis der spenninga mellom funksjonshemming som mangel og som ressurs står sentralt. Ei mangel-forståing er knytt til velferdsstatens kategoriseringar, som dels underbygger oppfatningar om funksjonshemma som ueigna i arbeidslivet. Ei mangel-forståing er òg knytt til strukturelle trekk ved arbeidslivet, særleg arbeidslivets produksjonsføremål som skaper særeigne forventningar til ein produktiv og effektiv arbeidskraft. Ei ressursforståing blir forstått som eit uttrykk for at ferdigheiter og kompetanse utgjør ein 'ansettbarhet' som fører til betalt arbeid. I tillegg kan funksjonshemming sjåast som ein ressurs i seg sjølv, til dømes ved at personleg erfaring med funksjonshemming er viktig i bedrifter som organiserer brukarstyrt personleg assistanse.
Dersom mangel-forståingar får for stor plass, blir arbeidskraft og kompetanse vanskeleg å få auge på. Får ressursforståingar for stor plass kan det gjere at utfordringar og tilrettelegging ikkje blir tilstrekkeleg vurdert av omgjevnadene og strukturene rundt. Denne resonnementet rundt mangel og ressurs er grunnlaget for avhandlingas forskingsspørsmål, utforska i ein intervjustudie: Korleis utspelar spenninga mellom funksjonshemming som mangel og som ressurs seg, for to aktørar som bidrar til funksjonshemma sin arbeidsinkludering – frontlinjearbeidarar og sosiale entreprenørar som prioriterer å tilsetje funksjonshemma?
I artikkel 1 utspelar spenninga mellom funksjonshemming som mangel og som ressurs seg ved at entreprenørane prøver å bevege seg bort frå ei mangel-forståing. Det gjer dei ved å problematisere velferdsstatens ordningar som annengjerande, det vil seie at dei skaper eit skilje mellom oss og dei som mottar slike ordningar. Entreprenørane bruker problematiseringa til å fremje alternative, kollektive forståingar av funksjonshemma.
I artikkel 2 blir frontlinjearbeidarane sine narrative praksisar utforska, det vil seie institusjonell bruk av forteljingar, med det dei omtalar som suksesshistorier om arbeidsinkludering. Suksesshistoriene blir analyserte som eit strategisk grep der frontlinjearbeidarane balanserer spenninga mellom mangel- og ressursforståingar. Forteljingane befinner seg i eit vanskeleg grenseland mellom anerkjenning, og ein verdsetting av ein motivasjon og ein arbeidskapasitet som kan ha ekskluderande effekter for funksjonshemma som ikkje framstiller ein slik kapasitet. I artikkelen blir termen ableist paradox introdusert, der paradokset viser til slike motstridande forståingar i frontlinjearbeidarane sine forteljingar.
I artikkel 3 blir entreprenørane sine og frontlinjearbeidarane sine innrammingar av funksjonshemma som produktive bidragsytarar i arbeidslivet samanlikna. Frontlinjearbeidarane søkjer å nærme seg ein ressursramme som inneber å sjå etter styrker og kompetanse, der dei endrar språkbruken frå ‘brukarar’ til ‘kandidatar’ og problematiserer ‘funksjonshemming’ som eit omgrep. Entreprenørane verkar innanfor ein deltakingramme som problematiserer ei brukarposisjon funksjonshemma blir plasserte i, og argumenterer for entreprenørskap som eit alternativ for å kome seg forbi ei slik brukarposisjon. I entreprenørane sin verdsetjingsramme blir anerkjenning av bestemte grupper funksjonshemma som produktive bidragsytarar i arbeidslivet tematisert. Ein normalitetsverdsetjing av forestillingar om den typiske arbeidstakaren blir utfordra.
Eg forstår entreprenørane som eit uttrykk for interesserepresentasjon av marginaliserte grupper funksjonshemma. Eg bruker termen ‘aktivistentreprenør’ i artikkel 3 for å klargjere ein slik forståing. Omgrepet aktivist blir forstått i ein vid tyding, det vil seie å gi motstand til mangel-forståingar relatert til funksjonshemming gjennom å synleggjere kollektive interesser til dei gruppene av funksjonshemma som aktivistentreprenørane har engasjert seg i forhold til. Ei slik avgrensing av entreprenørskap vil vere eit viktig tilskot i studiet av medverknad i utforminga av arbeidsinkluderingspolitikken. Særleg sosialt entreprenørskap som blir driva av funksjonshemma kan representere ein slik arena.
Tradisjonelt har funksjonshemma vore og er framleis diskriminert i arbeidslivet for mangel på produktivitet. I det relasjonen mellom funksjonshemming og redusert arbeidskapasitet blir snudd ved å utforske nye bilete av funksjonshemma som produktive og kompetente arbeidstakarar, blir det gitt grunnlag for ny empirisk kunnskap og fagleg utvikling. Ein introduksjon og utforsking av arbeidsinkludering som det å bearbeide ein spenning mellom mangel- og ressursforståingar demonstrerer ein slik fagleg utvikling.