Prøveforelesing: Obstetrisk vald; definisjon, omfang, årsak og løysingar.
Vurderingskomité:
- førsteopponent er forskar Ingegerd Hildingsson, Uppsala universitet, Sverige
- andreopponent er overlege/ph.d. Vasilis Sitras, Oslo universitetssjukehus
- leiar av komiteen er førsteamanuensis Kristin Häikiö, OsloMet
Disputasleiar er professor Stine Bernitz, OsloMet.
Hovudrettleiar er avdelingsleiar/professor Tine Schauer Eri, OsloMet.
Medrettleiarar er førsteamanuensis Anne Britt Vika Nilsen, Høgskulen på Vestlandet, professor Ellen Blix, OsloMet og professor Soo Downe, University of Central Lancashire.
Samandrag av avhandlinga
Tittel på avhandlinga: "Women’s Voices: Experiences with Maternity Care in Norway."
Fødsel er ein avgjerande, livsendrande hending som involverer psykologiske, sosiale, medisinske, kulturelle og eksistensielle opplevingar.
Desse opplevingane kan påverke helsa og velværet til kvinnene, både på kort og på lang sikt.
Verdshelseorganisasjonen framhevar ei "positiv fødselsoppleving" som eit viktig mål for alle fødande kvinner.
Det overordna målet med denne avhandlinga har vore å utforske erfaringane til kvinner med omsorga dei får frå helsepersonell under fødsel.
Tre studiar
Dei tre studiane i avhandlinga har undersøkt
- kva kvinner meiner er viktige aspekt ved omsorg i samanheng med fødsel (studie 1)
- samanhengen mellom sosioøkonomiske faktorar og fødselsoppleving og erfaringane med omsorg for dei som hadde ei negativ fødselsoppleving (studie 2)
- kva kvinner opplever at helsepersonell gjer som blir oppfatta som omsorgsfullt (studie 3)
Studie 1 og 2 brukte data frå den internasjonale Babies Born Better-undersøkinga og Medisinsk fødselsregister. Studie 3 brukte data frå individuelle intervju.
I studie 2 undersøkte vi samanhengen mellom sosioøkonomiske faktorar og fødselsoppleving. For alle kvalitative data brukte vi refleksiv tematisk analyse, inkludert eit teoretisk rammeverk om medfølande og omtenksam omsorg.
Utvalet i studie 1 og 2 var representativt for det nasjonale utvalet på ei rekkje variablar, som alder, paritet og fødselsmåte.
Analysane frå studie 2 viste ein samanheng mellom sosioøkonomiske faktorar som låg utdanning, å vere arbeidsledige og ha låg levestandard og kvinners negative fødselsoppleving.
Det overordna mønsteret frå dei kvalitative analysane handlar om kvinners oppleving av å anten bli møtt som eit unikt subjekt eller å kjenne seg som eit objekt. Medfølande personleg omsorg førte til at kvinnene kjende seg respektert, genuint varetekne og trygge.
I møte med manglande medfølande omsorg, kjende kvinnene seg sårbare, åleine og respektlaust behandla.
Bidrege til større forståing
Dette forskingsprosjektet har bidrege til ei større forståing av erfaringane til kvinners med omsorg under fødsel.
Resultata viste at fødsel er ei kompleks oppleving, som både krev at medisinske aspekt blir varetekne, men også dei grunnleggjande behova til kvinnene for genuin og respektfull omsorg.
Dersom fødselsomsorga legg til rette for ei heilskapleg omsorg vil dette kunne bidra til at fleire kvinner får positive fødselsopplevingar.