English version

Disputas: Cecilie Sudland

Cecilie Sudland disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med tittelen "Kva gjer vi no? Alvorlege foreldrekonfliktsaker i barnevernet."

Prøveforelesing

Kl. 10.15-11.00. 

Tittel på prøveforelesinga: "Bruk andre teoretiske perspektiv/konsept enn dei du har valt for å analysere dataa dine med. Kom også med forslag på kva analysen kunne ha vist om du hadde inkludert foreldreintervju."

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00.

Komiteen

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.

Rettleiarar

Samandrag

Norske styresmakter legg til grunn at alvorlege foreldrekonfliktar mellom separerte og skilde foreldre kan vere skadeleg for barna si helse og utvikling. Barnevernet har dei siste åra fått auka ansvar for å hjelpe desse familiane. Men det er mange utfordringar og dilemma knytte til barnevernet sitt arbeid med familiar prega av alvorlege foreldrekonfliktar. Dette heng saman med at barnevernet sitt arbeid skjer i ein juridisk gråsone mellom barnevernlova og barnelova, noko som gjer at grensa mellom barnevernet og familievernet kan vere uklar. Avhandlinga søker difor å utforske korleis sakene utfordrar barnevernet sine oppgåver når dei skal undersøke og vurdere barnet si omsorgssituasjon og ta avgjerder om korleis familiane kan hjelpast.

Studien byggjer på kvalitative intervju med 31 barnevernsarbeidarar. Dei hadde utdanning som sosionomar eller barnevernspedagogar, og dei fleste hadde mange års erfaring frå barnevernfeltet. Studien er forankra i eit sosialkonstruktivistisk vitskapsteoretisk perspektiv der alvorlege foreldrekonfliktar, så vel som omsorgssvikt, blir forstått som sosiale fenomen som får ulik tyding i ulike sosiale kontekstar.

Avhandlinga sine funn er presentert i tre artiklar. Den første artikkelen tar for seg barnevernet sitt tiltaksarbeid og kva utfordringar dei møter. Den andre artikkelen, som belyser barnevernet sine skjønnsmessige vurderingar av barnet si omsorgssituasjon, viser at familiar med alvorlege foreldrekonfliktar utfordrar barnevernet sine forståingar av kva som er skadelege oppvekstvilkår for barn. Dette gjeld særleg i saker der konflikten i seg sjølv er beskrive som den primære bekymringa.

Den tredje artikkelen utforskar korleis barnevernet sin undersøkingspraksis blir utfordra. Lipskys (2010) bidrag om bakkebyråkratiet og bakkebyråkratenes mestringsstrategiar blir brukt som teoretisk rammeverk for å forstå barnevernet sine rammebetingelsar.

Til saman viser avhandlinga at det i liten grad blir stilt spørsmål ved om sakene høyrer inn under barnevernet sitt ansvarsfelt og at det blir opna undersøkingar som ofte ser ut til å føre til hjelpetiltak. Samstundes viser studien at alvorlege foreldrekonfliktar representerer ein tvetydig sakskategori som skapar usikkerheit omkring kva som skal innlemmast i barnevernet sine tilnærmingar for å styrke foreldra sin foreldrefunksjon. Familier med alvorlege foreldrekonfliktar representerer ei sammensatt gruppe som treng ulike former for hjelp, og studien viser at det trengs ytterlegare samarbeid mellom barnevernet, familievernet og andre instansar som fastlegen og sakkyndige psykologar for å gi familiane eit heilskapleg hjelpetilbod.