Chris Rønningstad disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Ein konstant moglegheit for leiarskap? Styring og leiarskaps handlingar frå førstelinjeleiarar i offentleg velferdskunnskapsarbeid".
Prøveforelesing er tirsdag 22. oktober 2019, kl. 10.00.
Tittel er "I Noreg, som i andre skandinaviske land, finst ulike typar offentlege organisasjonar som skal levere velferdstenester/sosialtenester (bl.a. Nav). Diskuter korleis kontekstuelle likskapar og skilnader (i til dømes regelverk, personalet sin kompetanse og brukarar) kan påverke rolla som sjef og leiar i denne typen organisasjonar."
Disputas
Doktoranden vil offentlig forsvare avhandlinga tirsdag 22. oktober 2019, kl. 12.00 - 15.00.
Opponentar
- Første opponent: Dr. Emelie Shanks, Stockholms Universitet
- Andre opponent: Professor Svein S. Andersen, Handelshøyskolen BI
- Tredje opponent: Førsteamanuensis Simon Innvær, OsloMet - storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Prøveforelesing og disputasen blir leia av prodekan Ivan Harsløf, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet.
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Aagoth Elise Lossius Storvik, Handelshøyskolen, OsloMet
- Medrettleiar: Førsteamanuensis Monica Kjørstad, Institutt for sosialfag, OsloMet
Samandrag
Avhandlinga undersøkjer korleis sjefar for kunnskapsarbeidarar i offentleg velferdsarbeid utøver styring og leiing. Ho fyller eit behov for empirisk forsking på desse handlingane frå eit tilsettperspektiv. Studien bidreg teoretisk ved å beskrive korleis styring støttar leiing, korleis tilsette opplever dette gjennom handlingar, og kva mekanismar som støttar denne opplevinga. Styring og leiing blir nytta som eit teoretisk rammeverk. I mangel på eit godt norsk ord for "management," bruker eg styring. På norsk kan dette forvekslast med "governance" om måtar å instruere og styring av ein organisasjon. Eg nyttar det i tråd med "management" om styring og administrasjon utført av ein sjef.
Ei litteraturgjennomgang, 11 tekstar frå sjefar og 41 intervju med tilsette og sjefar utgjer avhandlinga sitt sentrale datagrunnlag. Det viktigaste metodologiske bidraget er at eg inkluderer opplevingar frå både sjefar og tilsette. Dette blir gjort mellom anna gjennom ein fenomenologisk beskriving av tilsettes oppleving av leiing frå sjefsrolla. Dette hindrar eit einsidig fokus på sjefen si eiga forståing av situasjonen sin, og lèt meg knyte opplevinga av styring og leiing til sjefen sine handlingar.
Artikkel I analyserer relevant litteratur og identifiserer kva sjefar gjer og korleis dette blir påverka av konteksten. Artikkel II nyttar skriftlege arbeid frå sjefar for å beskrive handlingar og utfordringar med å utøve styring og leiing. Artikkel III og IV trekk på 41 intervju med sjefar og tilsette for å beskrive opplevingar av styring og leiing.
Avhandlinga viser korleis desse to kan kombinerast, og forklarar dette med ein kontekst der uklåre oppgåver og eit behov for kontroll møter tilsettes behov for å bli sett og anerkjent. Ved å sjå på trekk ved konteksten, finn eg at tilsettes behov for støtte, og organisasjonen sine krav om kontroll er mekanismar som påverkar moglegheita for å utøve desse handlingane. Ved å samanlikne ulike typar arbeid beskriv eg korleis standardisering av arbeidet påverkar opplevinga av leiing og styring.
I så måte identifiserer avhandlinga at sjefar kan nytte styringsoppgåver til å drive leiing gjennom rettleiing og kvalitetskontroll. Funnene har implikasjonar for styring og leiing i denne typen velferdsarbeid. Avhandlinga svarar praksisfeltets behov for kunnskap om korleis avdelingsleiarar i slike organisasjonar kan utøve betre leiing og kombinere behovet for styring med å støtte dei tilsette.