English version

Disputas: Eystein Gullbekk

Eystein Gullbekk forsvarer si avhandling ved ph.d.-programmet i Bibliotek- og informasjonsvitskap.

Tittel på avhandling: "Å utføre tverrfaglig kunnskap: Informasjonsarbeid i framveksande tverrfaglig forsking".

Les meir om disputasen på den engelske nettsida. 

Samandrag av avhandlinga

Interessentane som står utanfor forskarkvardagen gir ulike retoriske framstillingar av tverrfaglegheit. Forskarar forventas å ta del i forskingspraksisar som delvis skal kunne erstatte eller overskride disiplinær kunnskapsproduksjon. Samstundes forventas forskarar å bidra til å styrkje samhandling på tvers av faggrenser med utgangspunkt i viktige disiplinar. Denne avhandlinga undersøkjer motsetningar og uavklarte forventningar slik dei framtrer i forskaranes informasjonsarbeid i forskarkvardagen. Denne undersøkinga plasserer seg innanfor forsking på informasjonspraksisar og byggjer på praksisteoriar si vektlegging av praksisar sine performative trekk.

Det empiriske materialet som inngår som grunnlag for avhandlinga vart produsert gjennom ein serie hybride intervju med 14 forskarar som arbeider ved eit tverrfagleg institutt ved eit skandinavisk universitet. Avhandlinga undersøkjer desse forskarane sitt informasjonsarbeid, det vil seie deira arbeid med å finne og å ta i bruk litteratur når dei utviklar og publiserer vitskaplege tekstar. Kvar av forskarane byggjer sitt arbeid på ein unik blanding av disiplinære tradisjonar og må gjere teksten gjenkjennelig og lesbar for fagleg mangeartede lesekretsar. Avhandlinga nyttar eit todelt praksisteoretisk perspektiv; ein kombinasjon av eit ‘practice-as-enacted’ perspektiv og eit ‘practice-as-performed’ perspektiv.

Avhandlinga sine tre artiklar adresserer teoretiske, empiriske og metodologiske aspekt ved framveksande tverrfagleg forsking.

Ved å nytte begge dei praksisteoretiske perspektiva (‘practice-as-enacted’ og ‘practice-as-performed’) i ein samla diskusjon av artiklane, får avhandlinga fram ulike fasetter ved forskingspraksisane sin performativitet. Gjennom informasjonsarbeidet blir forskarane del av performativiteten gjennom gjentakande, justerte og stadig endra utføringar av praksisar for produksjon og kommunikasjon av kunnskap. Avhandlinga viser at forskarane blir ansvarlege for ulike faglege rammeverk og at dei må handtere konfliktar mellom desse, men at dei manglar eit intersubjektivt rom for refleksjon over og handtering av motstridande forventningar.

Vidare gir avhandlinga eit metodologisk bidrag. Dei to perspektiva løfter fram både delte og singulære trekk ved informasjonsarbeid i framveksande tverrfagleg forsking, så vel som spenninga mellom desse trekkene.

Avhandlinga bidrar med ny kunnskap om framveksande tverrfagleg forsking. Tidlegare forsking har vist at informasjonsrelaterte aktivitetar i liknande situasjonar kan bidra til å danne felles forskingspraksisar og til å konsolidere tverrfaglege felt. Den føreliggande studien viser at forskarane – gjennom sitt informasjonsarbeid – blir del av flyktige praksisframføringar. Avhandlinga viser både utfordringar og moglegheiter som oppstår i framveksande tverrfagleg forsking i situasjonar der forskarar manglar delte praksisar, støttestrukturar og intersubjektive rom for handtering av motstridande forventningar.