Les meir om disputasen på den engelske nettsida. Du kjem dit ved å klikke på "English version" øvst på denne nettsida.
Sammendrag
Basert på djupneintervju med 29 asylsøkjarar med endeleg avslag, observasjon, samt analyse av relevante rettskjelder og administrative helseavgjerder, undersøkjer avhandlinga korleis asylsøkjarar med endeleg avslag opplever, forstår og oppfører seg i høve til sin rettslege status, og rettsreglane knytte til den. Avhandlinga nyttar eit rettssosiologisk design, og undersøkjer korleis retten til helsehjelp fungerer i praksis, herunder om rettane er tilgjengelege og om det kan føreligge gap mellom nasjonal rett, menneskerettsforpliktingar og behov. Vidare vert det teoretiske omgrepet «rettsmedvit» nytta for å undersøkje asylsøkjarar med endeleg avslag si forståing av, og høve til, lova.
Avhandlinga bidreg til rettsvitskapen i vid forstand, samt til feltet sosialpolitikk, gjennom funna knytte til irregulære migrantar sin rett og tilgang til helsehjelp i Norge. Mangel på rett til behandling for alvorlege psykiske lidingar, mangelen på rehabiliteringsrettar i etterkant av behandling som omfattast av retten til øyeblikkeleg hjelp, samt snever tolking og dermed praktisering av omgrepet «heilt nødvendig» helsehjelp, kan føre til situasjonar som kan kome i konflikt med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 2 eller 3, samt Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, artikkel 12.
Avhandlinga bidreg teoretisk til det rettssosiologiske omgrepet rettsmedvit. Ho viser korleis sosiale strukturar – sosiale relasjonar og tilgjengelege nettverk, medvit om sivile rettar, kulturell bakgrunn og språkferdigheiter – påverka om studiedeltakarane involverte seg i kollektiv motstand og mobilisering.
Sjølv om asylsøkjarar med endeleg avslag på mange måtar er rettsleg ekskluderte, strevar dei med å endre statusen sin gjennom bruk av rettshjelp. Alle deltakarane hadde engasjert rettshjelp etter endeleg avslag frå Utlendingsnemnda, og dei fleste mot betaling. Dei fleste opplevde ikkje sitt ulovlege opphald som eit lovbrot, men derimot som eit resultat av feil behandling av asylsøknaden deira.
Trusselen om straff knytte til ulovleg arbeid, samt manglande tilgang til svart arbeidsmarknad, bidrog til at dei fleste ikkje jobba. Dei fleste deltakarane var dermed svært avhengige av andres hjelp for husly, pengar til rettshjelp, medisinar eller helsehjelp. Ofte er denne avhengigheita knytte til personar med same kulturelle bakgrunn eller partner/familie. Denne avhengigheita skaper forskjellar mellom personar i same rettslege posisjon. Dette fordi kven ein er avhengig av kan påverke rettstilgang. Avhengigheita av andre, eventuelt mangel på andre å motta hjelp frå, kan bidra til situasjonar der asylsøkjarar med endeleg avslag er sårbare for utnytting.