Tittel på prøveforelesinga: "Kvifor leiarar treng å ta omsyn til den sosiale konteksten i avgjerder om RTW (Return to Work) for personar med mTBI (mild Traumatic Brain Injury). Behovet for eit sosio-strukturelt perspektiv."
Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga kl. 12.00.
Komiteen
- Første opponent: Professor Rafael Lindqvist, Uppsala universitet
- Andre opponent: Professor Johans Tveit Sandvin, Nord universitet
- Tredje opponent: Professor Erika Gubrium, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Prodekan for forsking og innovasjon, Agnete Vabø, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiare:
- Hovudrettleiar: Professor Espen Dahl, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Forsker I Halvor Melbye Hanisch, Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), OsloMet – storbyuniversitetet
Sammendrag
Doktorgradsavhandlinga utforskar korleis leiing påverkar returen til jobb (RTW) for personar som har vore utsette for mild traumatisk hovudskade (mTBI), og kva som kjenneteiknar både framifrå og mislukka leiing i desse returprosessane.
Avhandlinga er basert på kvalitative djupneintervju med personar som var i ein RTW-prosess etter å ha blitt utsett for skade som medførte mTBI, og intervju med deira næraste leiarar. Trass i at det føreligg omfattande forsking på TBI og RTW, har dette forskingsfeltet hittil ikkje blitt utforska i eit leiingsperspektiv. Leiingsperspektivet blir også svært sjeldan lagt til grunn innanfor den meir generelle forskinga på RTW, arbeidsinkludering, sosialt arbeid og sosialpolitikk.
På same tid fokuserer den generelle leiingslitteraturen lite på sjukefråvær, og heller ikkje på RTW-prosessar eller TBI. Avhandlinga tek difor sikte på å bidra med ny og verdifull kunnskap, samt praktisk innsikt, til fleire forskingsfelt, og samstundes styrkje kunnskapsgrunnlaget for leiarar, sosialarbeidarar og besluttingstakarar innan arbeids- og velferdspolitikken som på ulike nivå er involverte i å handtere sjukefråvær.