English version

Disputas: Henriette Lund Skyberg

Henriette Lund Skyberg disputerer for ph.d.-grada i samfunnsvitskap, studieretning sosialt arbeid og sosialpolitikk med "Grenser, teamdynamikk og makt: Konseptualisering av sentrale aspekt ved interprofesjonalitet i helse- og sosialomsorg." .

Tittel på prøveforelesinga: Diskutér forholdet mellom empiridrevne (induktive) og teoretisk drevne (deduktive) forskningsdesign, som strategi og tradisjon, innenfor studier av profesjonsutøvelse

Følgjande komite er oppnemnd:

Leiar for disputasen er dekan Oddgeir Osland, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.

Rettleiare er:

Samandrag av avhandlinga

Med utgangspunkt i tenesteområdet ‘psykisk helse og rus’, undersøkjer denne avhandlinga korleis profesjonsutøvarar med ulik helse- og sosialfagleg bakgrunn arbeider saman som eit team, og korleis vi kan konseptualisere sentrale aspekt ved interprofesjonelt teamarbeid.

Generelt kan vi seie at interprofesjonelt teamarbeid er vellukka når kvart enkelt teammedlem har ei definert rolle og utfører den med stor presisjon, samstundes som dei forstår og respekterer rolla og bidraget til dei andre.

Denne typen samarbeid kan vere utfordrande, og krev høg grad av kunnskap og fleksibilitet frå dei profesjonelle som er tilsett i tenestene.

Særleg innanfor psykisk helse- og rusarbeid, har pasientar ofte samansette utfordringar med dårleg somatisk helse, psykiske lidingar, rusavhengigheit, dårleg økonomi, mangel på eigna bustad osv.

For å oppnå tilstrekkelege helse- og sosialtenester for denne gruppa er ein avhengig av at profesjonsutøvarar med ulik kunnskap og kompetanse arbeider saman.

Mykje forsking på interprofesjonelt teamarbeid har sett søkjelys på den sosiale dynamikken som oppstår mellom profesjonsutøvarar som eit viktig premiss for vellukka samarbeid. Inspirert av denne litteraturen, utforskar denne avhandlinga sosiale faktorar som kan ha påverknad på interprofesjonell interaksjon.

Avhandlinga er basert på ein etnografisk studie. Datamaterialet består av 14 sesjonar med deltaking i observasjon og 18 djupneintervju med helse- og sosialfagarbeidarar som arbeidde i tre forskjellige interprofesjonelle team i Noreg.

Analysen av datamaterialet viser at interprofesjonelt teamarbeid i stor grad handlar om aspekt som profesjonelle grenser og roller, indre teamdynamikk og maktstrukturar.

Dette er tematikkar som er nøye gjennomgått i forskinga. Likevel, samanlikna med mykje tidlegare forsking som går i djupna med dei individuelle aspekta, går denne avhandlinga ut i breidda ved å samanstill ulike analytiske konsept og perspektiv.

Meir spesifikt består avhandlinga av tre forskingsartiklar, som kvar presenterer ein analytisk modell laga ut frå ein konseptuell syntetisering av omgrep og perspektiv funne i den eksisterande litteraturen, for deretter å diskutere modellane sin relevans utfrå det innsamla empiriske materialet.