English version

Disputas: Hilde Fiva Buzungu

Hilde Fiva Buzungu disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk.

Tittel på avhandling: "Mellomrommet: Språkdiskordant sosialarbeid i Noreg”.

Les meir om disputasen på den engelske nettsida. 

Samandrag

Denne avhandlinga handlar om møte mellom sosialarbeidarar og klientar som ikkje har felles språk. Studien er etnografisk, og brukar data frå observasjon, uformelle samtalar og intervju med sosialarbeidarar og minoritetsspråklege brukarar i NAV.

Hovudfunna er at NAV-samtalar er språkleg komplekse, og at kommunikasjonsproblem oppstår både ved samtalar på norsk med klientar som har avgrensa norskkunnskapar, og ved tolka samtalar der tolken ikkje meistrar oppgåva. Dette hindrar møtedeltakarane i å forstå kvarandre og nå måla for samtalen.

Avhandlinga viser også at NAV sine retningslinjer for kommunikasjon med minoritetsspråklege ofte blir brotne. Til dømes blir det ofte ikkje oppnemnd tolk, og dei tolkane som blir oppnemnd har som hovudregel ingen kvalifikasjonar. Trass i at NAV-leiinga har kjent til dette problemet i over eit tiår, har det ikkje blitt sett i verk tiltak for å sikre kvalifiserte tolkar.

Eit anna funn er at sosialarbeidarane kompenserer for manglande informasjon frå minoritetsspråklege klientar ved å prøve å tenke seg til kva problem, løysingar og behov klientane kan ha. Dette bidreg paradoksalt nok til å oppretthalde kommunikativt undertrykkjande strukturar og praksisar.

Målet med studien har vore å bidra til kunnskap om sosialt arbeid i ei verden med aukande språkleg mangfald. Funnene viser at NAV-tilsette har små moglegheiter for å tilby fagleg forsvarlege velferdstenester til minoritetsspråklege, og at dette utgjer ein trussel mot brukarane sine rettar og rettstryggleik.