English version

Disputas: Ida Bring Løberg

Ida Bring Løberg disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga med "Digitalt frontlinjearbeid i den norske Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV): Arbeidarane sine oppfatningar av ressursar og deira implikasjonar for arbeid på gatenivå".

Tittel på prøveforelesing: "Presenter aktuelle studiar om digitalisering av bakkebyråkratar sitt arbeid etter Michael Lipsky. Plasser ditt eige studie i forskingsfeltet og diskuter dets relevans og bidrag".

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 13.00.

Komiteen

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland,  Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiarar

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga undersøkjer den praktiske røyndomen av digital tenestelevering i offentleg sektor, med fokus på Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Målet er å forstå korleis digitale teknologiar påverkar førstelinjearbeidet, og korleis dette former den leverte tenesta.

Avhandlinga er basert på intervju og observasjonar frå to NAV-kontor i perioden 2017-2021. Resultata er presentert i tre artiklar, som kvar undersøkjer ulike ressursar i det digitale førstelinjearbeidet. Den første artikkelen fokuserer på brukarregistreringsprosessen, der nettbasert registrering kan fragmentere brukarhistorier. Den andre artikkelen utforskar korleis digital kommunikasjon kan skape etterspurnad etter tenester, og den tredje artikkelen handlar om bruk av emosjonelle ressursar i den digitale interaksjonen.

Hovudargumentet i avhandlinga er at digitale teknologiar kan endre oppfatninga av tilgjengelege ressursar, som tid, informasjon og emosjonelle ressursar. Dette former igjen den leverte tenesta. Resultata viser at digitale teknologiar både kan gi nye utfordringar og krevje nye strategiar for å handtere ressurssituasjonen.

Avhandlinga bidreg til å utvide forståinga av digital tenestelevering, ved å utfordre vanlege antakelser om digitalisering. Funnene viser ein kompleksitet i det digitale førstelinjearbeidet, som utfordrar ideen om digitalisering som ei universalløysing for effektiv administrasjon. Avhandlinga har også implikasjonar for sosialt arbeid og sosialpolitikk, ved å vise korleis digitaliseringa kan påverke forståinga av brukarane og krevje nye former for yrkesutøving.