Disputas: Ida Hellum Sandbekken

Ida Hellum Sandbekken forsvarer avhandlinga si "Handhygiene, infeksjonsførebygging og antibiotikabruk i sjukeheimar" for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er professor Sølvi Helseth, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Borghild Løyland, OsloMet. Medrettleiarar er OsloMet-professorar Inger Utne, Ellen Karine Grov og Åsmund Hermansen.

Samandrag av avhandlinga

Helsetenesteassosierte infeksjonar (HAIs) er ein stor trussel mot pasientsikkerheita.

Bebuarar på sjukeheimar er spesielt sårbare for alvorlege konsekvensar ved ein infeksjon, som sjukehusinnlegging og død, på grunn av sjansane for redusert immunforsvar, fleire kroniske sjukdommar, polyfarmasi og ofte kognitiv svikt.

Mange HAIs kunne vore unngått, og god handhygiene er det mest kostnadseffektive førebyggande enkelttiltaket vi har mot spreiing av infeksjonar. Infeksjonar blir ofte behandla med antibiotika.

Unødvendig bruk av antimikrobielle legemiddel kan auke den antimikrobiellresistensen, noko som blir rekna som eitt av dei største globale folkehelseproblema. Få studiar har forska på korleis ein kan betre handhygienen på sjukeheimar, og ingen frå Noreg.

Hensikt

Denne studien hadde som mål å prøve ut nye metodar for å oppnå ei langvarig åtferdsendring i handhygienepraksis, blant helsepersonell på sjukeheim.

Studien har utforska handhygienepraksis blant helsepersonell (Artikkel I), og infeksjonar og antibiotikabruk blant bebuarane (Artikkel II). Vidare blei effekten av intervensjonar vurdert, på både handhygienepraksis og antal infeksjonar og antibiotikabruk i sjukeheimar (Artikkel III).

Metode

Denne kvasieksperimentelle studien inkluderte 22 sjukeheimsavdelingar. Avdelingane rapporterte kvar veke om infeksjonar og antibiotikabruk i 18 månader, frå februar 2021 til august 2022.

Handhygieneetterleving blei gjennomført med bruk av Verdshelseorganisasjonen (WHO) sitt validerte observasjonsskjema. Observasjonane blei gjennomførte i februar og mars 2021 og i september og oktober 2022.

Etter seks månader blei tre avdelingar som hadde gjennomsnittlege verdiar av handhygieneetterleving og infeksjonsratar valt til å implementere intervensjonar, basert på Banduras teori om åtferdsendring.

Dei resterande 19 avdelingane fungerte som kontrollavdelingar og fortsette normal praksis.

Intervensjonane blei designa av tre ulike grupper:

  • fagutviklingssjukepleiarar og leiarar
  • "bedside" helsepersonell
  • forskarar som samarbeidde med sjukepleiarstudentar

Intervensjonane var baserte på "social cognitive theory" og WHO sin multimodale modell, og bestod av undervisning, plakatar, ultrafiolett-lysboks og intervju.

Resultat

I den første studien (Artikkel I), blei handhygienepraksis undersøkt i 20 sjukeheimsavdelingar under Covid–19-pandemien. Sjukepleiarstudentar i praksis ved sjukeheimane gjennomførte observasjonane.

Totalt blei 7316 indikasjonar observerte, og handhygiene blei utført i 58,3 prosent av dei. Handhygieneetterlevinga gjekk ned frå februar til mars (65,8 prosent–51,4 prosent), og det var store variasjonar mellom dei ulike avdelingane (26,4–83,1 prosent).

I tillegg var det forskjellar mellom ulike grupper helsepersonell, der handhygiene blei utført og kva type indikasjon. Når helsearbeidarar brukte hanskar, var etterlevinga berre 35,3 prosent.

I den andre studien (Artikkel II), blei infeksjonar og antibiotikabruk undersøkt gjennom dei første seks månadene i 21 sjukeheimsavdelingar. Resultata viste 495 rapporterte infeksjonar, 53 sjukehusinnleggingar og 11 dødsfall relaterte til infeksjonar.

Den totale infeksjonsraten var 5,37 per 1000 liggedøgn. Sjølv om datainnsamlinga var under Covid–19-pandemien, var urinvegsinfeksjonar den vanlegaste infeksjonen. Av dei rapporterte infeksjonane blei 97,6 prosent av dei behandla med antibiotika.

Regresjonsanalysar viste at den største faktoren for auka infeksjon på ei avdeling, var å vere ei korttidsavdeling.

Den siste studien (Artikkel III), inkluderte alle dei 22 sjukeheimsavdelingane. Tre av dei fekk intervensjonar for å forbetre handhygieneetterlevinga.

Etterlevinga auka i intervensjonsavdelingane frå 54,7 prosent til 60,9 prosent, mens etterlevinga gjekk ned i kontrollavdelingane frå 59,5 prosent til 51,3 prosent.

Dei tre "etter-indikasjonane" hadde den høgaste etterlevinga av handhygiene, og det var også desse som opplevde den største auken i etterleving etter implementeringa av intervensjonane. Handhygieneetterlevinga når ein brukte hanskar heldt fram med å vere låg, sjølv etter intervensjonar (38,9 prosent).

Konklusjon

Handhygieneetterlevinga på sjukeheimar er for låg til å forhindre spreiing av alle infeksjonar. Infeksjonsraten i norske sjukeheimar tenderer mot å vere høg, samanlikna med andre land.

Desse funna understrekar behovet for å betre handhygieneetterlevinga blant helsepersonell på sjukeheimar. Intervensjonar basert på WHO sin multimodale modell og med fokus på åtferdsendring kan betre handhygieneetterlevinga.