Inger Beate Nylund forsvarar avhandlinga si i doktorgradsprogrammet bibliotek- og informasjonsvitskap med tittelen «Undersøking av funksjonell klassifisering som metadata for bedriftssøk».
Prøveforelesing er torsdag, 7. november 2019, kl. 10-10.45.
Tema er "Å forstå rolla til menneskelege og sosiale faktorar i utforminga av system for kunnskapsorganisering".
Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga torsdag 7. november 2019 kl. 12.00 - 15.00.
Komité
- Førsteopponent: Associate Professor Luanne Freund, University of British Columbia, Canada
- Andreopponent: Professor Jóhanna Gunnlaugsdóttir, University of Iceland
- Leder av komiteen: Førsteamanuensis Herbjørn Andresen, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen er prodekan Ivan Harsløf, Fakultet for samfunnsvitenskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Ragnar Nordlie, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Professor Katriina Byström, OsloMet – storbyuniversitetet
Samandrag
I denne avhandlinga har eg utforska funksjonsbasert klassifikasjon som metadata for informasjonsgjenfinning på arbeidsplassar. Tidlegare forsking har vist til at informasjonsgjenfinning på arbeidsplassar kan bli betra ved å leggje til metadata til innhald. Eit spørsmål er kva for metadata som skal leggjast til, og korleis metadataa kan designast. Eg valde å utforske funksjonsbasert klassifikasjon som metadata, fordi denne er basert på kontekst, noko som kan supplere andre studiar i kontekstbasert informasjonsgjenfinning.
Eg brukte kvalitative metodar for å designe og evaluere eit funksjonsbasert klassifikasjonsskjema. Casestudien gjorde ei detaljert undersøking av eit arbeidsdomene mogeleg, og gav forståing av omgrepa funksjon, aktivitet, oppgåve/transaksjon og sjanger. Resultata viste at både kontekstbaserte intervju og sjangeranalyse er metodar som kan bidra til å designe eit funksjonsbasert klassifikasjonsskjema. Klassifikasjonsskjemaet består av prekoordinerte termar som viser relasjonar mellom setningselement, meir spesifikt fem ulike syntaktiske mønster, til dømes verb pluss objekt. Når det gjeld eignaheita av skjemaet for indeksering, så antyda resultata at termar frå det funksjonsbaserte klassifikasjonsskjemaet vart gjenkjende og brukt til indeksering, men også diskutert med tanke på presisjon.
Resultata tyder difor på at metodar 'nedanfrå og oppover' for å designe eit funksjonsbasert klassifikasjonsskjema kan gi ein struktur og termar som er lett gjenkjennelege innanfor arbeidsdomenet. Studien tyder òg på at for gjenfinning av dokument innanfor dette domenet, så er det nødvendig å supplere dei funksjonsbaserte termane med andre typar termar, til dømes termar som karakteriserer spesifikke objekt, stad og tid. Samansette metadata til dømes ved hjelp av fasettar har derfor sannsynlegvis eit potensiale.
Meir forsking kan vurdere funksjonsbasert klassifikasjon i andre arbeidsdomener og med andre sjangrar. Vidare forsking trengst for å evaluere potensialet til funksjonsbasert klassifikasjon som metadata i faktisk informasjonsgjenfinning, til dømes ved vurdering av relevansen til søkjeresultat, i navigering og filtrering, og i automatisk indeksering.