English version

Disputas: Joakim Finne

Joakim Finne disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Evidensbasert praksis i sosialsektoren: Haldningar og kunnskapsutøving".

Prøveforelesing startar kl. 10.00 i zoom
Tittel: EBP i sosialt arbeid – moglegheiter og avgrensingar

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 i zoom.

Komiteen

Leiar for disputasen

Rettleiarar

Samandrag av avhandlinga

Evidensbasert praksis (EBP) blir stadig viktigare i sosialarbeidarpraksisen. Trass i aukande forsking på EBP, er konseptet lite utforska i ein norsk kontekst. Denne avhandlinga siktar mot å utforske sosialarbeidarars haldningar til og praksis av EBP. Eg bruker «multicomponent model of attitude» og «theory of planned behavior» til å forstå haldningar og åtferdsendring. Datasamlinga består av ei spørjeundersøking blant 2060 sosialarbeidarar, og 30 intervju med sosialarbeidarar og leiarar i NAV og barnevernet.

Studien viser at sosialarbeidarar i barnevernet generelt er mindre kritiske til EBP enn dei som jobbar i NAV, og at kunnskap om EBP kan førespå mindre kritiske haldningar. I tillegg viser funna at sosialarbeidarar som bruker manualbaserte og standardiserte prosedyrar er mindre kritiske til EBP.

Studien identifiserte fem barrierar mot EBP: (i) uro for negativ påverknad på forholdet til klienten, (ii) mangel på tid, (iii) top-down implementering, (iv) avgrensing av sosialarbeidarars autonome avgjerdsprosess, og at (v) EBP-modellar ikkje alltid passar klienten eller familien sine behov.

Dei tre vanlegaste kunnskapskjeldene blant deltakarane var klientar, arbeidserfaring og kollegaer. Funnene viser viktigheten av å lære sosialarbeidarar å kritisk vurdere forsking.

Masterstudentar er meir positive til ESTs og EBP samanlikna med bachelorstudentar. Mindre grad av rapportert opplæring i EBP var assosiert med meir kritiske haldningar til konseptet. Funnene indikerer at det er behov for å leggje vekt på EBP i utdanning for å auke positive haldningar og utøving av EBP.

Denne avhandlinga gir ny innsikt i EBP, og viser viktigheten av å fremme sosialarbeidarars kunnskap om EBP-prosessen. Misforståingar og feilaktige framstillingar rundt konseptet er framleis tydelege i sosialsektoren. Funnene viser viktigheten av å integrere EBP i utdanninga for å auke sosialarbeidarars kjennskap til konseptet. Avhandlinga drøftar levedyktigheita til EBP i sosialt arbeid. Funnene har konsekvensar for framtidig praksis, ettersom dei argumenterer for viktigheten av å bruke forsking og evidens i praksis og utdanning.