Tittel på prøveforelesing: Å redusera sosial forskjell i psykisk helse: sosialfaglege perspektiv.
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00
Komiteen
- Førsteopponent: Professor Lena Wiklund Gustin, Mälardalens högskola
- Andreopponent: Førsteamanuensis Børge Baklien, Høgskolen i Innlandet
- Leiar av komiteen: Professor Kjetil A. van der Wel, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Dekan Oddgeir Osland, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Bengt-Eirik Karlsson, Universitet i Sørøst-Norge
- Medrettleiar: Professor Halvard Vike, Universitet i Sørøst-Norge
- Medrettleiar: Førsteamanuensis Lise Cecilie Kleppe, OsloMet – storbyuniversitetet
Samandrag av avhandlinga
Bakgrunn
Vi veit at sosial støtte er viktig og avgjerande i liva våre. Spesielt viktig er denne støtta når livet er på sitt mest utfordrande, og når vi erfarer psykiske helsevanskar. Eit mangfald av forsking er tydeleg på samanhengane mellom sosial støtte og psykisk helse – dess mindre sosial støtte, dess dårlegare helse, og vice versa. Difor ønska vi å utforske erfaringar og forhold knytt til kva som kan fremja og hemja sosial støtte, i arbeidet med psykisk helse. Studien blei utvikla i samarbeid med folk som har eigenerfaring med psykiske helsevanskar.
Hensikta med studien
Denne studien søker først og fremst å utforske erfaringar og forhold som kan fremja og hemje sosial støtte, sett frå brukarar, tilsette og frivillige sine perspektiv. Vidare er hensikta å løfte fram korleis støtte skjer, samt politiske og strukturelle forhold som påverkar sosial støtte. Konteksten i forskinga er kommunale psykiske helsetenester i ulike bydelar i Oslo.
Metodologi
Studien er tufta på samarbeidsbasert metodologi, og har ei kvalitativ orientering. Avhandlingsarbeidet er vidare inspirert av fenomenologiske og hermeneutiske filosofiar. Metodar for dataskaping har vore fokusgruppeintervju og deltakande observasjon. I analyseprosessen har vi nytta tematisk analyse, etnografisk fortolking og poesi som analysemetode og verktøy.
Funn
Funna i studien er presentert i tre artiklar. Den første artikkelen er ei systematisk kunnskapsutforsking av samanhengar mellom sosial støtte, psykisk helse og betringsprosessar. Den andre artikkelen presenterer domenediskusjonar knytt til deltakarane sine perspektiv om kva som kan fremja og hemja sosial støtte. Funna i artikkel to er løfta fram i følgjande tema: (1) kvaliteten og sårbarheita knytt til sosial støtte (a) levd erfaring, gjensidigheit og forståing b) «ghosting» og skam (2) forhold som fremjar sosial støtte (a) stabile miljø og rom for mangfald (b) sosial rytme og helande ritual (3) forhold som hemjar sosial støtte (a) økonomiske barrierar og (b) sosiale utfordringar i samtidskulturen. Studiens tredje artikkel utforskar vidare, ved hjelp av poetisk analyse og formidling, forhold som kan fremja og hemje sosial støtte. Denne studien løftar fram funn i to poetiske hovud-vers, basert i både fokusgrupper og deltakande observasjon: (1) det som blomstrar og (2) det som visnar. Funna i den siste artikkelen går djupare inn i fenomenet sosial støtte, og gir ein annan inngang til levekår, støtte og psykisk helse. Funna og dikta løftar fram kva betyding estetikk, økonomi, haldningar og strukturelle forhold har for sosial støtte og psykisk helse.
Konklusjon
Funna i denne studien peiker mot at tenestene må utvikle stabile møteplassar som kan tilby sosial rytme, omsorg og utviding av sosiale nettverk. Den estetiske utforminga av stadene er viktig. Erfaringskunnskap, og tilsette og frivillige som òg har erfaring med psykiske helsevanskar, kan vere fremjande for sosial støtte. Stigma knytt til psykiatriske diagnosar og pengeproblem er ei barriere for opplevinga av sosial støtte, trass i ein større openheitskultur. Ein kultur prega av overdriven individualisme kan òg utgjere ei barriere for å utvikle støttande fellesskap, og tenester prega av omsorg. Ein politikk som i større grad hjelper folk med samansette psykiske helsevanskar ut av fattigdom, er avgjerande for folk sine betringsprosessar. For å fremje psykisk helse, treng vi heilt konkret ein betre omfordelingspolitikk og ein sosialpolitikk som innrettar tiltak for sosial støtte på fleire nivå; kjenslemessig, bekreftande, informativt og instrumentelt.