English version

Disputas: Kristian Skedsmo

Kristian Skedsmo disputerer for ph.d.-graden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Han disputerer med avhandlinga “Troubleshooting in Norwegian Sign Language. A conversation analytic approach to other-initiations of repair in multiperson Norwegian Sign Language interaction, and ways to communicate conversation analytical data on signed languages in printed and online publications.”

Les meir om disputasen på den engelske nettstaden. 

Samandrag

I denne avhandlinga presenterer eg ein studie av samtalar mellom døve kollegaer på norsk teiknspråk, og korleis dei undervegs i samtalen løyser problem med å oppfatte eller forstå. Studien er gjord innanfor den metoden og teorien som kjem frå samtaleanalyse. Samtaleanalyse blir brukt til å utforske sosial samhandling og korleis folk gjer ulike ting i samtale. 

Eg har samla inn data ved å filme seks samtalar med grupper på mellom tre og seks deltakarar som snakkar uformelt i ein pause i løpet av arbeidsdagen. Funna viser korleis ein deltakar kan få ein annan deltakar til å gjenta, omformulere eller forklare noko dei nettopp sa. Desse praksisane kallar me andreinitieringar av sjølvreparasjonar. Nokre av desse reparasjon-initieringane blir beskrivne som uspesifikke, altså at dei ikkje seier noko om akkurat kva det var med førre replikk som var problematisk. 

Dermed behandlar den uspesifikke reparasjonsinitieringa heile førre ytring som problematisk. Døme på slike på norsk er «Hæ?» eller «Unnskyld?». Andre format av reparasjon-initieringar kallar me avgrensande, og desse gir på ulike måtar og i ulik grad informasjon som hjelper den andre med å finne ut kva som var problemet. 

Døme kan vere «Kven sa du at du møtte?» eller «Kva meiner du med kynisk?» Dei ulike formata av andreinitieringar av sjølvreparasjon er analyserte både kvalitativt og kvantitativt og funna er samanlikna med funn frå andre talte og teikna språk. 

Blant resultata kan vi nemne at det er flest av dei avgrensande reparasjonsinitiativa som inneheld «forslag» til kva som vart sagt eller meint. 

Blant dei uspesifikke reparasjonsinitiativa er det flest av dei der det ikkje blir brukt nokon leksikaliserte teikn, men berre gestar, ansiktsuttrykk, rørsler med hovudet eller kroppen. Det er ingen tilfelle av teikna UNNSKYLD eller andre eksplisitte unnskyldningar. 

Ein underforstått måte å få den andre til å gjenta eller på annan måte reparera det som nettopp vart sagt, som er funne i argentinsk teiknspråk, kan me kalla «frys». Den inneber at den som blir snakka til held blikket festa på den som snakkar også etter at replikken er ferdig, og held ansiktet og kroppen heilt i ro, akkurat som om førre ytring ikkje var ferdig. Vi veit ikkje om det blir gjort medvite, men vi ser at det fungerer. Denne måten å framkalle sjølvreparasjon på er også funnen i denne studien av norsk teiknspråk.

I motsetning til kva som har vorte hevda før, viser det seg at ganske mange reparasjonsinitieringar ikkje omgåande fører til ei løysing sånn at samtalen kan halda fram. Ei problemkjelde kan bli angripen to eller fleire gonger. 

Eit forsøk på sjølvreparasjon kan også bli eit nytt problem. Då får vi multiple reparasjon-initieringar. Av og til kan til og med ei reparasjonsinitiering vera retta mot førre reparasjonsinitiering. Då får vi eit to-lags reparasjonssekvens der den eine må fiksast før den andre kan ordnast opp i og samtalen kan komme vidare. 

Funn frå studien viser også at reparasjonsinitieringar med forslag til løysing er meir vanlege blant dei siste, eller avsluttande reparasjonsinitieringane, medan dei uspesifikke reparasjonsinitieringane og spesielt «frys»-responsen er vanleg blant første-forsøka som ikkje nødvendigvis fører fram.

I samtaleanalyse blir det laga detaljerte transkripsjonar som viser akkurat kva som vart sagt, men også korleis det vart sagt, med nøling, repetisjonar, feilsnakk, latter, tonefall, tempo osb. Også overlappingar, der folk snakkar samtidig blir nøyaktig noterte. Ofte blir det brukt fleire linjer over kvarandre for å visa kva samtaledeltakarane gjer med kroppen, som til dømes blikkretning, ansiktsuttrykk og gestar. 

Fleire linjer kan også brukast dersom forskinga blir formidla på eit anna språk enn det språket som blir undersøkt. I denne studien er det norsk teiknspråk som blir undersøkt medan eg skriv om det på engelsk, og transkripsjonane har eigne linjer for omsetjing og for teikn-for-teikn-omsetjing («glossing») som viser kva som blir gjorde på det originale språket.

Avhandlinga er eit bidrag til forskinga på samtalereparasjon, men bidreg òg, metodisk, til fagfeltet transkripsjon. Ei stadig tilbakevendande utfordring i dette arbeidet har vore korleis dei teiknspråklege utdraga skal presenterast sånn at dei som ikkje kan norsk (eller noko anna) teiknspråk skal skjønna noko av det, samtidig som det er eit poeng å unngå å framstilla norsk teiknspråk på ein uheldig måte. 

Avhandlinga diskuterer og eksperimenterer med ulike måtar å framstilla dei ofte ganske kompliserte utdraga. Det blir til dømes brukt video med tekst (ofte i sakte film), fleire-linjers transkripsjon der teikn-for-teikn er representert med engelske ord og med omsetjingar, men også teikneserie-inspirerte grafiske transkripsjonar. Desse kombinerer biletseriane, som me kjenner frå mange skriftlege artiklar om teiknspråk, med snakkebobler og andre konvensjonar frå teikneseriane.

Resultata frå avhandlinga kan danna grunnlag for å undersøkja korleis reparasjon går føre seg i andre samanhengar òg, som til dømes i samtalar med tolk, eller situasjonar der nokon som held på å læra norsk teiknspråk snakkar med andre i same situasjon, eller at dei snakkar med nokon som kan norsk teiknspråk godt.