English version

Disputas: Lillian Pedersen

Lillian Pedersen disputerer for ph.d.-graden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Tittel på avhandlinga: «Kjensla av leikeplassen. Ei kvalitativ undersøking av fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar i barnehage».

Vurderingskomiteen består av: 

Disputasleiar er prodekan Hanne Skaaden, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet – storbyuniversitetet.

Hovudrettleiar er professor Anne Greve, Institutt for barnehagelærarutdanning, OsloMet – storbyuniversitetet. Birettleiar er professor Vegard Fusche Moe, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet.

Samandrag

Føremålet med denne artikkelbaserte avhandlinga er å undersøke kva som karakteriserer fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar på barnehagens leikeplass, og korleis barna i dei leikande møta på leikeplassen kan utvide sine bevegelsespraksisar. 

Grunnen til å rette merksemda mot dette, er at bevegelsesvanar tileigna i barneåra er vurdert å ha stor tyding for barns forståing av eigne bevegelsesmoglegheiter og syn på seg sjølve. I tillegg går om lag 98% av alle norske barn i barnehage. 

Uteleik er vurdert som vesentleg for barnehagebarns moglegheiter til bevegelse, og det er eit prioritert område i barnehagane. Norske barnehagebarn brukar difor mykje tid ute, og då spesielt på barnehagens leikeplass. 

Til tross for dette, er det få studiar som har studert barns leik på leikeplassen og kva bevegelsespraksisar barna har moglegheit til å skape når dei er der. I avhandlinga sin forskingsgjennomgang ser vi også at det å leike ute ikkje er einstydande med at barna erfarer variert og utfordrande leik.

Studien som er presentert i denne avhandlinga brukar eit kroppsfenomenologisk perspektiv som utgangspunkt, og bevegelse er difor vurdert som eit grunnleggande menneskeleg behov og ei uttrykksform. 

Gjennom sitt forhold til verda er kroppen i ein kontinuerleg skapingsprosess. Barna sine bevegelsar er kroppane deira sitt svar på omgjevnadane sine krav og tilstandar, og dei er i stadig endring. Ein bevegelsespraksis veks difor fram på bakgrunn av korleis barna erfarer seg sjølve, andre og omverda i eit gjensidig forhold. 

Studien er kvalitativ, og videoobservasjonar og feltnotat utgjer studien sitt empiriske grunnlag. To barnehagar er med i utvalet, og observasjonane er retta mot åtte fem år gamle barn, to jenter og to gutar i kvar av barnehagane, og deira leikekameratar. Studien sitt overordna føremål er undersøkt gjennom tre forskingsspørsmål, og desse utgjer avhandlinga sine tre artiklar. 

Første artikkel er «Når barna møter leikeplassen – eit kjønnsperspektiv på barns rørslemoglegheiter». Den undersøker kva som kjenneteiknar dei potensielle romma som blir skapte i leik mellom fem år gamle jenter og gutar på barnehagens leikeplass, og kva bevegelsesmoglegheiter dei fremjar. 

Resultata viser at innhaldet i dei potensielle romma kan knytast til idrett, arbeid og familie, og at både jenter og gutar har stor fridom til å bestemme kva innhald dei kan leike ut frå. Kva potensielt rom det enkelte barn skapar for seg sjølv, skil seg likevel mellom jenter og gutar. 

Jenter verkar å skape potensielle rom for seg sjølve der dei kan bevege seg med rolege bevegelsar, og at det verbale gjev leiken framdrift, medan gutane verkar å skape potensielle rom for seg sjølve der dei kan bevege seg med intensive bevegelsar, og at det er samspelet mellom kroppane deira som gir leiken framdrift. 

Artikkel 2, «The moment of play and movement: A qualitative study of children´s playful shared movements», undersøker kva som kjenneteiknar fem år gamle barn sine leikande bevegelsesmøte på leikeplassen, og kva som skjer når dei erfarer tilsynelatande nye og uventa bevegelsar i desse møta.

 Funna indikerer at barna i dei leikande bevegelsesmøta brukar sine vanar til å skape kritiske no-augneblikk som introduserer noko nytt og uventa. Desse no-augneblikka vert opna opp av fantasiar, forvandlingar og begeistring. 

I desse augneblikka kan barna vere kreative og nysgjerrige, og moglegheiter til å utvide korleis dei bruker eigen kropp og plassen kan bli skapte. Om no-augneblikka fører til kreativitet, vekst og utvikling, verkar å vere avhengig av den kjenslemessige inntoninga mellom deltakarane i bevegelsesleiken. 

I artikkel 3, «Barna møter mobilt materiale i bevegelsesleik» undersøker eg korleis mobilt materiale blir brukt i bevegelsesleik på barnehagens leikeplass, og kva moglegheiter til deltaking dette gir fem år gamle barn. Funna viser at innhaldet i bevegelsesleiken vart bestemt av nokre barn og kva fantasiverd dei skapte leikeplassen om til. 

Desse fantasiverdene var innhaldsmessig og sosialt relativt like frå dag til dag, og verka difor bestemmande for barna sine forventingar, for kva bevegelsesleik som vart skapt og for kven som kunne delta. Barn eller personale som brukte materialet på nye måtar eller som brukte nytt materiale endra dette. Balansen mellom personalet si involvering og barna sin fridom og autonomi verka spesielt viktig for at mobilt materiale skulle gi barna moglegheiter til å erfare bevegelsesleik. 

Gjennom desse tre artiklane og kappeteksten får vi innsikt i kva som karakteriserer barnehagebarn sin leik og bevegelsesmoglegheiter på leikeplassen. Denne kunnskapen er verdifull for at leikeplassen og uteleiken kan bli meir implementert i barnehagepedagogikken, og for å utvikle innsikt i barnehagen som kontekst for barns skaping av bevegelsesvanar og syn på seg sjølve. Gitt all tida norske barn brukar på barnehagen sin leikeplass, opnar avhandlinga opp døra til eit felt det trengs meir forsking på, både frå eit barneperspektiv, der varierte metodiske tilnærmingar bør bli nytta, og frå eit personalperspektiv.