Prøveforelesning
Prøveforelesing: kl. 10.00 - 10.45
Tema på prøveforelesing:
I Noreg har det i fleire år gått føre seg ein strid mellom Den norske Forfatterforening og Forfatterforbundet, mellom anna om fordeling av vederlagsmidlar og om retten til å utnemne medlemmer i Stipendkomiteen for skjønnlitterære forfattarar. Korleis kan denne striden forståast ved hjelp av praksisteoretiske perspektiv og teoriar om korporativt samarbeid?
Komiteen
- Første opponent: Professor Paul Bjerke, Høgskulen i Volda
- Andre opponent: Dosent Ann Steiner, Uppsala Universitet
- Tredje opponent: Førsteamanuensis Terje Colbjørnsen, Handelshøyskolen BI
Leiar for disputasen
Prodekan for forsking og innovasjon Agnete Vabø, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Sigrid Røyseng, Noregs musikkhøgskole
- Medrettleiar: Professor Roger Blomgren, Högskolan i Borås
Samandrag
Avhandlinga skildrar forleggjarar sin praksis i relasjon til statens innkjøpsordning for litteratur når politikk skal omsetjast i bøker. Ho gir ny kunnskap om forlagsverksemd og innsikt i samarbeid mellom private næringslivsaktørar og statlege organ om å iverksetje litteraturpolitiske målsettingar. Ordninga har virka i Noreg i over femti år – som den einaste av sitt slag i verda. Alle dei større forlaga får støtte frå ordninga til eit stort antal bokutgjevingar kvart år i form av støtte til enkeltverk.
Forleggjarar sitt arbeid og verke i relasjon til ordninga har vore lite belyst i samfunnsforskinga til no. Ved hjelp av kvalitative djupneintervju med forlagsredaktørar som er blant dei med mest erfaring med dette omfattande kulturpolitiske verktøyet, får vi innsikt i forlaget sitt perspektiv. Avhandlinga klargjer forlagsredaktørar sin rolle i det samansette systemet som støtteordninga utgjer. Studien finn at handverket med å arbeide fram god litteratur og kjennskap til søkesystemet, to kompetansar som langt på veg er taus personbasert kunnskap, er avgjerande for at forlagsredaktørane, som søkjer om støtte, skal lukkast.
Arbeidet viser, ved hjelp av ein kultursosiologisk innfallsvinkel, korleis forlagsredaktørar legitimerer den statlege støtten til sine utgjevingar. Studien viser korleis behovet for å legitimere ordninga gjennom dokumentasjon manifesterer seg på brukarnivå i ordninga. Eit sentralt funn er at redaktørane sine legitimeringshistorier speglar dei litteraturpolitiske målsettingane. Ein politisk-demokratisk tankegang er fremtredande i dei aktuelle redaktørane sin måte å legitimere støtten på og i dei formelle rammene for ordninga. Parallelt står ein autonomi-estetisk tankegang sterkt i redaktørane sin praksis. Det er ein tankegang som har vore ein bærebjelke i ordninga heilt frå den vart oppretta, og som framleis er eit styrande prinsipp, sjølv om dette kjem lite til syne i dei formelle rammene for ordninga.
Avhandlinga trekk fram at samarbeid mellom privat næringsliv og myndigheiter kan ta ulike former på ulike nivå i systemet. Ho slår fast at ordninga har tydelege korporative trekk i samarbeidet mellom forlagsredaktørar som brukarar og Kulturrådet som statleg forvaltar. Arbeidet talar for ei utviding av korporatismebegrepet til også å gjelde samarbeid mellom enkeltaktørar frå næringslivet og staten om iverksettinga av politiske målsettingar.