Disputas: Lisbeth Elvebakk

Lisbeth Elvebakk forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Tittel på prøveforelesinga blir annonsert seinare.

Tittel på avhandlinga: "Perspektiv på literacy i lærerutdanninga: Ei undersøking av lærarstudentar sin profesjonelle tekstkompetanse".

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er Finn Aarsæther, førsteamanuensis og prodekan for utdanning, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet. 

Hovudrettleiar er professor Marte Blikstad-Balas, Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo. Medrettleiar er professor Dag Skarstein, Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, OsloMet.

Samandrag

Temaet for denne avhandlinga er norsklærarstudentars literacy. I avhandlinga undersøkjer eg sider ved norsklærarstudentars literacy-kompetanse og refleksjonar om tekstopplæring som kan ha noko å seie for korleis studentane er rusta til å handtere og undervise i literacy i skolen. 

Eg drøftar følgjande overordna problemstilling: Korleis er norsklærarstudentar rusta til å undervise i literacy etter to år i utdanninga? 

Det er ein empirisk studie gjennomført i grunnskolelærarutdanninga. Datamaterialet er innhenta gjennom ei digital spørjeundersøking og kvalitative intervju. I tillegg har observasjon av undervisning i norskfaget i grunnskolelærarutdanninga bidratt til å kontekstualisere studien.

Avhandlinga er teoretisk forankra i literacy-feltet og byggjer på innsikter frå forskarar som Robert Scholes, David R. Olson, James Paul Gee og Allan Luke som knyter opplæring i teksthandtering til eit kulturelt behov i ei tekstleg mediert verd, og som koplar språk- og tekstkunnigheit til målsettingar om samfunnsdeltaking, kunnskapstileigning og makt.

I tillegg byggjer ho på Basil Bernsteins kodeteori som bidrar til å belyse korleis kunnskap blir vald ut og blir tilpassa i refleksjonane til studentane rundt eigen undervisningspraksis, korleis studentane forstår norskfaget som eit distinkt fag og korleis denne forståinga gir ulike moglegheiter og avgrensingar for tekstarbeid i klasserommet.

Avhandlinga omfattar tre delstudiar

Den første undersøkjer korleis grunnskolelærarstudentar, blant dei norsklærarstudentar, les eit utval tekstar distribuert på sosiale medium. 

Den andre undersøkjer korleis norsklærarstudentar konseptualiserer literacy
og korleis dei grunngir tekstarbeid dei har gjennomført i praksisperioden. 

Den tredje undersøkjer norsklærarstudentars legitimeringsdiskursar når dei reflekterer over tekstarbeid i norskfaget i skolen. 

Formålet med studien er å få kunnskap om norsklærarstudentars literacy-kompetanse og innsikt i refleksjonane til studentane om tekst og tekstopplæring i norskfaget. Samtidig har funna i studien implikasjonar for lærarutdanningsfaget norsk.

Funn i avhandlinga

Funna peikar mot ein diversitet i gruppa av norsklærarstudentar med tanke på kor godt rusta dei er til å undervise i literacy så langt i utdanninga. 

Studien indikerer eit behov for å vidareutvikle lesemåtane til studentane og gjere tydeleg eit kunnskapsgrunnlag for tekstopplæringa. 

Funna i studien indikerer også eit behov for ei sterkare klassifisering av norskfaget i lærarutdanninga og ein tydelegare vertikal diskurs som kan skape heilskap i fagets ulike delar. 

I diskusjonsdelen blir konsekvensar drøfta av dei sentrale funna og implikasjonane for norskfaget i lærarutdanninga.