Prøveforelesing
Kl. 10.00-10.45.
Tittel på prøveforelesinga: Korleis kan fronetisk kunnskap inngå i evidensbasert kunnskap og praksis?
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.15.
Komiteen
- Første opponent: Dosent Lina Ponnert, Sosialhøgskolen, Lund universitet
- Andre opponent: Professor Halvor Fauske, Norges teknisknaturvitenskapelige universitet, NTNU
- Tredje opponent: Professor Randi Wærdahl, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Prodekan Nathalie Hyde-Clarke, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Cecilie Basberg Neumann, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: forsker I Kari Stefansen, Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Samandrag
Avhandlinga fokuserer på situasjonsbunden og kunnskapsbasert sosialt arbeid i ein barnehuskontekst. Studien undersøker kva det inneber å utøve slikt arbeid og kva individuelle og institusjonelle føresetnader som må vere til stede. Studien er motivert av den internasjonale uroa rundt vilkåra for situasjonsbunden sosialt arbeid i dag, særleg knytt til New Public Management og evidensbasert praksis.
Caset er «barnehusarbeidet», utført av sosialfaglege rådgjevarar ved Statens barnehus i Noreg. Målet er å beskrive og teoretisere det norske barnehusarbeidet. Metodane som er brukt er skygging i kombinasjon med kvalitative intervju.
Avhandlinga består av tre artiklar. Første artikkel utforskar korleis barnehusarbeidet kan definerast og forståast, og introduserte konseptet «mellomromsarbeid». Andre artikkel utforskar kva kunnskapsgrunnlag rådgjevarane ved barnehusa bruker, og korleis dei bruker kunnskap i praksis ved å anvende ein «fronetisk guidet» tilnærming. Tredje artikkel omhandlar dei institusjonelle føresetnadene for mellomromsarbeid som situasjonsbunden sosialt arbeid, og diskuterer trugsmål mot denne praksisen i framtida.
Avhandlinga sitt kunnskapsbidrag har fleire implikasjonar. Den definerte barnehusarbeidet som mellomromsarbeid, noko som kan ha bidratt til klarheit og retning i arbeidet ved barnehusa. Studien argumenterer for ei auka bruk av tilnærmingar som lèt forskaren studere kontekstuelle dimensjonar ved praksis. Vidare argumenterer den for at sentrale føresetnader for situasjonsbunden og kunnskapsbasert sosialt arbeid i praksis, er lang erfaring frå det konkrete praksisfeltet, samt lause regulerande rammeverk som seinare blir erstatta med auka regulering tufta på praksisen som har etablert seg.
Avhandlinga bidrar også med teoriutvikling og nyanseringar til to kjernediskusjonar i litteraturen om sosialt arbeid. Den introduserer konseptet fronetisk leia bruk av kunnskap, som ei mellomposisjon i kunnskapsdebatten der erfaringbasert og evidensbasert kunnskap ofte blir skildra som motpoler. I tillegg utfordrar den det dikotomiske skillet mellom standardisering kontra profesjonell autonomi, og introduserer teorien om profesjonell regresjon.