English version

Disputas: Mari Serine Kannelønning

Mari Serine Kannelønning disputerer for ph.d.-grada i samfunnsvitskap, studieretning Informasjons-, bibliotek- og arkivstudiar med avhandlinga "Korleis vil det ramma oss? Innføringa av kunstig intelligens (KI) i norsk helsetjeneste: Tre former for aktørmobilisering".

For informasjon om disputasen sjå den engelske versjonen.

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga tek for seg innføringa av Kunstig Intelligens (KI) i den norske helsetenesta ved å studere ulike aktørar sine forventningar og løfter om framtida med KI i helsetenesta, og korleis ein kollektivt jobbar mot desse framtidssynene i notida.

Verda over er det brei semje om at KI vil spele ei viktig rolle for å oppretthalde økonomisk berekraftige helsetenester i framtida. Det forventast til dømes at KI-teknologiar skal kunne automatisere repetitive oppgåver, støtte helsepersonell i beslutningsprosessar, forbetre arbeidseffektivitet og auke behandlingskvalitet og pasienttryggleik. Pågåande arbeid for å innføre KI i helsetenesta er likevel prega av ei såkalla «KI-kloft» [AI chasm] mellom forventningane og løftene om KI-teknologiar og deira faktiske implementering i verklege kliniske praksisar. Både regjeringar, helsemyndigheiter, KI-miljø og andre interessentar meiner at ein felles innsats frå aktørar med ulik kunnskap og ekspertise er nødvendig for å kunne navigere i dette komplekse landskapet.

Avhandlinga bruker KI-klofta som inngang til å utforske tre norske initiativ som i sine forsøk på å innføre KI i norsk helsetenesta har mobilisert heterogene aktørgrupper: ein nasjonal utgreiingsprosess leia av Helsedirektoratet, ein KI-anskaffelsesprosess ved eit større helseføretak og eit landsdekkande nettverk av fagpersonar. Desse initiativa blir studert gjennom ein kvalitativ casestudie-tilnærming, og studien inkluderer data frå digitale møteobservasjonar, intervju og dokumentanalyse. Avhandlinga sine tre artiklar tek for seg kvar sin case, og utforskar ulike aspekt ved forventningar, løfter og kollektivt arbeid som har ei framtidig helseteneste med KI som fokusområde. Samla utgjer desse tre studiane grunnlaget for å svare på avhandlinga sitt overordna forskingsspørsmål:

Kva er tydinga og implikasjonane av 'mobilisering' i tidlege fasar av innføringa av fleirtydige, komplekse og avanserte teknologiar som KI i helsetenesta?

Avhandlinga analyserer funna frå casestudia ved å ta i bruk omgrep og perspektiv frå ‘Science and Technology Studies’ (STS) som fokuserer på innovasjonsprosessar og teknologisk utvikling. Med særleg vekt på aktørmobilisering og Michel Callons artikkel: ‘Some Elements of a Sociology of Translation: Domestication of the Scallops and the Fishermen of St Brieuc Bay’ (1986b), blir det utvikla eit teoretisk rammeverk som består av tre former for aktørmobilisering: ‘Modus 1: Styrt utfall’, ‘Modus 2: Forhandla utfall’ og ‘Modus 3: Fragmentert og distribuert utfall’.

Avhandlinga sitt mål er å bidra til ei auka forståing for rolla til framtidretta representasjonar (forventningar og løfter etc.) og mobiliseringa av heterogene aktørar i innføringsprosessar av avanserte og komplekse teknologiklassar som KI i samfunnet.