English version

Disputas: Mariann Mathisen

Mariann Mathisen disputerer for ph.d.-graden i bibliotek- og informasjonsvitskap med avhandlinga "Evaluering og optimalisering av søkeprosessen til systematiske oversikter."

Tittel på prøveforelesing er "Bibliotekarar sine rollar i planlegginga av systematiske oversikter".

Komité

Leiar for disputasen

Rettleiarar

Samandrag

Systematiske oversikter har som mål å finne og oppsummere all relevant forsking som grunnlag for ei kunnskapsbasert praksis. Metodane som vert brukte i systematiske oversikter er likevel ekstremt tid- og ressurskrevjande. Meir effektive metodar bør testast for å utnytte knappe ressursar betre, og denne studien har undersøkt ulike tilnærmingar for å forenkle og optimalisere søkeprosessen for systematiske oversikter i helsetenesta.

Ein tverrsnittstudie vart utført for å undersøke om det var nok å søke databasane MEDLINE og Embase for å identifisere dei inkluderte studiane i eit utval på 400 Cochrane-oversikter med omsyn til databasedekning og søkeprestasjon. Eit eksplorativt design vart brukt for å finne den optimale kombinasjonen av søkeord i dei oversiktene som inkluderte frå 5 til 50 primærstudiar i utvalet (=254). Enklare søkestrategiar som inneheldt dei optimaliserte søkeorda, vart utvikla og testa i Ovid MEDLINE og PubMed. For å undersøke ein automatisert metode for informasjonsgjenfinning til systematiske oversikter, vart rangeringsfunksjonen i PubMed testa på både konvensjonelle og enkle søkestrategiar.

Dekninga av inkluderte studiar i MEDLINE åleine var 84 % og MEDLINE og Embase 90 % i utvalet på 400 oversikter. Dei publiserte Ovid MEDLINE-søkestrategiane for dei same oversiktene hadde ein fullstendigheit på 88 % og 2,8 % presisjon. I utvalet på 254 oversikter var dekninga 85 % for MEDLINE åleine og 90 % for MEDLINE og Embase kombinert. Fullstendigheit var 87 % og presisjon 2,8 % for søkestrategiane i dette utvalet. Dette tyder at talet på inkluderte studiar i oversiktene ikkje påverka dei totale gjennomsnittsverdiane i nokon særlig grad for dette utvalet. Eit gjennomsnitt på 7,2 søkeord i kvar Ovid MEDLINE-søkestrategi var nødvendig for å finne dei inkluderte studiane i utvalet på 254 oversikter. Det er omtrent ein tidel av talet på søkeord som vart brukt i dei publiserte søkestrategiane. I gjennomsnitt førekjem 3,0 søketermar i tittelen og 2.8 i resten av protokollen. MAP-verdiar for rangerte søk i PubMed var høgare enn for andre sorteringsalternativ, men fullstendigheita fall ved nesten alle cut-off-verdiar.

Ein høg prosentandel av dei inkluderte studiane i oversiktene i denne studien var indeksert i MEDLINE og Embase, og dei publiserte Ovid MEDLINE søkestrategiane presterte rimeleg høgt i dei fleste tilfella. Det tyder på at det kan vere nok å søke berre i desse to databasane for nokre oversikter viss andre kjelder blir søkt i tillegg, og for enkelte oversikter, kan det vere nok å søke berre i MEDLINE. Basert på resultata frå denne studien, ser konvensjonelle boolske søkestrategiar ut til å vere unødvendige lange og kompliserte med ein overdriven bruk av søkeord samanlikna med kva som er nødvendig for å finne relevante studiar. For utvalet i denne studien fanst dei fleste søketermane i tittel og resten av protokollen, bortsett frå oversikter frå Effective Practice and Organization of Care Group (EPOC) og andre komplekse oversikter.