Les meir om disputasen på den engelske nettsida.
Sammendrag
Som følgje av auka mobilitet globalt har integrering av innvandrarar i arbeidsmarknaden fått stor merksemd innan sosialarbeidsforsking og politikk. Trass i eit robust og etablert velferdssystem, der arbeidsretta tiltak inngår, har Noreg framleis utfordringar med å oppnå positive sysselsettingsresultat for innvandrarar. Forsking viser ein betydeleg forskjell i sysselsetting av innvandrarar og den lokale befolkninga. Sjølv om forskjellen reduserast over tid, vedvarar den opptil eit tiår etter ankomst til Noreg.
Tidlegare studiar har vist at standardiserte metodar for arbeidsretta oppfølging ikkje er effektive, særleg for personar som står utanfor arbeidsmarknaden og har komplekse behov. Dette gjeld til dømes mange innvandrarar. Det er aukande einigheit om at personleg støtte kan forbetre sysselsettingsresultata. Nyare forsking understrekar at det er viktig å utforske ytterlegare bruken av personalisering i arbeidsretta tiltak. Målet med denne avhandlinga er at ein oppnår betre resultat for innvandrarar som deltek i arbeidsretta tiltak som tilbys av Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV).