Tittel på avhandlinga: «Utdanning for resiliens med nye teknologier- En kvalitativ studie om lærende - medieforhold i produktdesignundervisning».
Les meir om disputasen på den engelske nettstaden.
Samandrag
Tittel: Utdanning for resiliens med nye teknologiar- Ein kvalitativ studie om lærande - medieforhold i produktdesignundervising
Denne doktorgradsavhandlinga undersøker korleis nye teknologiar, spesielt 3D-utskriving, kan påverke pedagogikk. Formålet er å framstille praktisk og teoretisk kunnskap som kan bidra til berekraftig utdanning.
Målet med dette arbeidet er å gi eit perspektiv på læring og pedagogikk med tanke på forstyrringa forårsaka av nye teknologiar. Den utforskar både praktiske og teoretiske spørsmål. Dei praktiske spørsmåla tek for seg utfordringar rundt formell utdanning og pedagogikk, som blir utfordra av nye teknologiar.
Dei teoretiske spørsmåla tek for seg spørsmål rundt korleis læring kan forklarast i samanheng med desse teknologiane. Forskingsspørsmålet er derfor dette: Korleis kan læring for resiliens bli støtta opp under ved bruk av nye teknologiar i produktdesignutdanning?
Forskinga baserte seg hovudsakleg på kvalitative metodar som inkluderte deltakarobservasjon, artefaktanalyse og innhaldsanalyse av levde situasjonar i formelle settingar for høgare designutdanning. Studien inkluderer ei rekkje metodiske tilnærmingar, mellom anna casestudiar, aksjonsforsking, hermeneutisk tekstanalyse og designscience.
Metodologiane vart endra i løpet av prosjektet fordi dei ulike artiklane hadde ulike formål, og dei gjenspegla ulike aspekta av problemet og forskarens endra posisjonalitet. Avhandlinga er skriven som ein serie artiklar samla i ei kappe.
Det er behov for dette forskingsspørsmålet fordi formell utdanning tek for seg to trendar samtidig: standardisering i globalisert masseopplæring og behovet for revisjonar av pensum på grunn av straumen av teknologiske endringar. Framveksande teknologiar, til dømes kunstig intelligens, virtual reality, 3D-print og andre, er prega av mangfaldig prosessuell kunnskap som gir uføreseielege resultat og som teknologiske bruksmåtar som ikkje er oppdaga enno.
Framtidige studentar må handtere opne problemstillingar og uføreseielege resultat som ikkje berre vil by på miljømessige, etiske og samfunnsmessige utfordringar, men også moglegheiter som framleis står att å utforske. Å utforske dette kan vere nyttig for forsking om utdanningsteknologi og læringsmedium i formell utdanning.
No som nye teknologiar blir stadig meir integrerte i utdanningssituasjonar, er det behov for å undersøkje korleis ein kan undervise ved å bruka dei. Dermed er det avgjerande å betre forstå kva for nokre pedagogiske tilnærmingar som er eigna i desse lærings- og undervisningsaktivitetane. Det er også behov for ei meir generell forståing av korleis denne læringa kan vere meir berekraftig, ettersom teknologiane endrar seg ofte.
Forskinga gir ny innsikt i korleis teknologiske medium påverkar læring, kva læring som konsept kan bety i desse nye teknologiske samanhengane, og dermed effektane av dette perspektivet på designpedagogikk. Vidare gir forskinga eit nytt perspektiv på design som disiplin, som er mindre fokusert på designaren og designkonseptualisering, men heller gir eit økologisk perspektiv på designaktivitetar.
3D-skrivarar og dei andre utviklande teknologiane er allsidige. Dei er prega av innovative handteringsprosessar og representerer til så lenge ubestemde applikasjonar. Den pedagogiske settingen i designstudio gir eit miljø der 3D-print kan utforskast i kontekstet med behov for berekraftig høgare utdanning der allsidigheita til dei nye teknologiane kan utforskast.
Designstudioet er formell utdanning, men ligg nærast det uformelle motstykket, makerpace. Dette er på grunn av fokuset på open og fri læring, som er prega av divergente og konvergente fasar i læring og hyppig bruk av medium.
Eit kunnskapsgap har likevel vist seg, sidan 3D-skrivarar ikkje tidlegare vart utforska som eit medium for resilient læring. Som litteraturgjennomgangen i denne avhandlinga avslører, har dei fleste studiane fokusert på å bruka 3D-print som medium for effektivitet i undervisning og læring, i tillegg til ulike bruksmåtar av 3D-skrivarar og nye teknologiar for eksisterande læreplanar.
Dette kunnskapsgapet er av praktisk art i den forstand at det er behov for nye pedagogiske tilnærmingar for resilient læring. Gapet er også teoretisk, då det utforskar media som nøkkelfaktor for læring i staden for å leggja vekt på betydninga til læraren og innhaldet i undervisninga.
Denne avhandlinga foreslår å ta i bruk ein relasjonell ontologisk og postfenomenologisk tilnærming for å gi meir adekvate svar om læring i uføreseielege teknologiske samanhengar i formell utdanning. Frå eit relasjonelt synspunkt blir eit individ lærande når ho deltek i sosio-teknologiske miljø. Når media blir gjennomsiktige for lærande, klarer dei å utvikla og stabilisera nye rutinar og føresjå resultata av intensjonane sine. Dei klarer til slutt å bruka media til tiltenkte formål for gruppa og organisasjonen.
I relasjonell ontologi blir teknologi sett på som eit medium som forsterkar eller reduserer intensjonane til elevane i omorganiseringsprosessane. Pedagogikk er derfor definert som ein omorganisert relasjon mellom lærande og andre deltakarar, som er medierte ved bruk av teknologi. Frå dette perspektivet er rolla til pedagogikken tilrettelegging for tilknytinga elevane har til deira sosioteknologiske miljø og resiliens i møte med endringar i det.