English version

Disputas: Nina Odegard

Nina Odegard disputerer for ph.d.-graden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Ho disputerar med avhandlinga «Aesthetic Explorations with recycled materials. Concepts, ideas and phenomena that matter». Ho er kandidat på ph.d.-programmet i utdanningsvitkap for lærarutdanning.

Les meir om disputasen på den engelske nettsstaden. 

Samandrag

Tittel:  Estetisk uforskning med gjenbruksmateriale – materialiseringar gjennom konsept, idear og fenomen

I denne avhandlinga blir omgrepet estetisk utforsking sett i rørsle gjennom møtet med empirisk materiale henta frå barnehagebarns møte med gjenbruksmateriale i ein Remidas Blackbox. 

Fire publiserte artiklar utforskar ulike delar av arbeidet, metodisk, analytisk og empirisk, og teoretiserer korleis omgrepa gjenbruksmateriale og estetisk utforsking kan bidra til barnehagefeltet. 

Gjennom teoriar og omgrep innanfor det posthumane og nymaterialistiske vitskapsfilosofiske feltet (Barad, 2007; Bennett, 2010; Hultman, 2011a; Lenz Taguchi, 2010), blir betydninga av ikkje-menneskeleg agentskap og materialitet (what matters) for barnehageutdanning og forsking utforska.

Gjennom bruk av desse teoriane, og i møte med barnehagebarn, personalet, rommet (Blackboxen), gjenbruksmateriala og verktøy trer ulike perspektiv på materialitet og omgrepet estetisk utforsking fram. 

Ideen til avhandlinga om å konseptualisere estetisk utforsking er i prosess og vil ikkje kunne finne ein endeleg slutt, då omgrepet kan formast og transformerast i møte med lesarane sine. Her kan ein bruke metaforen terskel, på veg inn i eller ut av noko, forma av eit behov for å kunna setje eit mellombels punktum, for igjen å kunna gå vidare.

Frå desse møta og utforskingane har eg formulert følgjande innsikter: Å eksperimentere med gjenbruksmateriale kombinert med digitale og analoge verktøy i ein Blackbox samskapte mellomrom der estetiske, rytmiske krefter vart sansbare og bidrog til barnahagebarns leik, læring, forteljing, framsyningar og meir.

Gjennom å svare på dei vitale kreftene av affekt som oppstod mellom dei ulike verktøya og agentskapet til gjenbruksmateriala, vart fenomen som skyggjer, lys, lyd og fargar samarbeidspartnarane til barna. Dei ulike fenomena bidrog til å utvide og utdjupe leiken og læringa deira på overraskande måtar.

Omgrepet og fenomenet estetisk utforsking er eit komplekst, utfordrande, kreativt og mobiliserande omgrep som kan gi eit verdifullt bidrag til tenking og forsking i barnehagefeltet, og dessutan til barnehagebarns og kvardagsaugneblinken til personalet.

I tillegg kan omgrepet estetisk utforsking invitere til nysgjerrigheit rundt kva anna som kan bli produsert gjennom engasjementet til barna i stad og materialitet.

Å vera ein estetisk utforskar flyttar forskaren i tid og stad kvar data er forstått som mykje meir enn det empiriske materialet samla inn under sjølve feltarbeidet.