- 10.00-11.00: Prøveforelesing.
- 12.15-15.30: Disputas.
Du kan følge prøveforelesinga og disputasen digitalt (oslomet.zoom.us).
Webinar ID: 690 6779 0826
Passord: 230924
Tittel på prøveforelesing: “Gutter, maskulinitet og skole: Oversikt over forskningsfeltet – hvilke nye perspektiv trengs?”
Tittelen på avhandlinga er «One of the boys: Gender, class, and identity formation among boys in middle school.»
Vurderingskomiteen består av
- første opponent, professor Rickard Jonsson, Barn- och ungdomsvetenskapliga institutionen, Stockholms universitet
- andre opponent, lektor Jette Kofoed, Danmarks institut for Pædagogik og Uddannelse, Aarhus Universitet
- leiar av komiteen: professor Kristin Walseth, Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, OsloMet – storbyuniversitetet
Disputasleiar er Finn Aarsæther, prodekan for utdanning, Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet – storbyuniversitetet.
Hovudrettleiar er professor Thorgeir Kolshus, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo. Birettleiarar er professor Åse Røthing, Institutt for åtferdsvitskap ved OsloMet – storbyuniversitetet og professor Kristoffer Chelsom Vogt, Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen.
Samandrag
Noreg har ein pågåande diskurs om gutar i skolen der ein snakkar om at dei fell utanfor, og der nokon omtaler dei som skoletaparar i ein feminisert skole. Denne diskursen er mellom anna basert på at gutar i snitt får lågare karakter enn jenter i alle fag utanom gym, og fordi gutar oftare droppar ut av vidaregåande skole enn jenter.
Denne doktorgradsavhandlinga er ein etnografisk studie av sjette- og sjuandeklassegutars identitetsforming i skolen og er basert på eitt års deltakande observasjon i ein barneskole i Innlandet i Noreg. Avhandlinga ser på kvardagspraksisar blant gutar i skolen, og korleis dei skaper seg sjølv og blir skapte av andre som individ og grupper. Det analytiske fokuset er på korleis kjønn, maskulinitetar og sosial klasse speler ei rolle i identitetsforming blant gutar. Fokuset er også på korleis elevane navigerer det sosiale rommet for å plassere seg sjølv, og halde fram med å vere, innanfor det som blir rekna som ‘ordinært' gjennom å balansere deltaking i likskapen forventa i eit felles ‘vi' samtidig som dei kultiverer sin eigen individualitet.
Dette prosjektet utforsker det sosiale livet på skolen, og korleis forskjellar i sosial klasse og maskulinitetar og måtar å gjere gut, formar tankar og idear dei har om seg sjølve no og i framtida. For å vise korleis desse faktorane heng saman har eg primært fokus på to analytiske elevkategoriar. Eg refererer til kategoriane som fotballgutane (football boys), som representantar for meir medgjerleg og hybridisert maskulinitet; og dei opposisjonelle gutane (the defiant boys), som representerer gutane som yter medviten motstand mot skolen.
Å gjennomføre langvarig etnografisk feltarbeid har gjort det mogleg å ha eit breitt omfang i avhandlinga, og har gjort det mogleg for meg å sjå på kvardagslivet til gutane frå fleire ulike vinklar. Desse inkluderer forbruk, kjønnsutøving, disiplinering og språkbruk. Eit funn er at identitetsforming i skolen er ein prosess der ein plasserer seg innanfor dette nettverket av faktorar i ei pågåande veksling der måten ein er på i skolen påverkar kva posisjon får i det sosiale innanfor klassen, som igjen medfører forventningar til korleis ein oppfører og presenterer seg for å fylle denne rolla. Ulike roller har ulike forventningar til kjønnsutøving, forbruk, relasjon til eit felles ‘vi' og korleis ein forheld seg til skolen, lærarane og verdiane til skolen. Spesielt påfallande er innsatsen nokre elevar legg inn i å ikkje hamne for langt utanfor det ordinære. Elevane er veldig klare over at sosiale normer regulerer kjønnsutøving, forbruk og skolearbeid, og at å utfordre eller bryte desse normene kan medføre sanksjonar. Denne avhandlinga utøver korleis desse dynamikkane går føre seg i det sosiale rommet på skolen.