Disputas: Øyunn Syrstad Høydal

Øyunn Syrstad Høydal disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk.

Øyunn Syrstad Høydal disputerer med avhandlinga "Evaluering – symbol og metode".

10:00: Prøveforelesning "Korleis karakteriserast bruk av evaluering som forvaltningsmessig verktøy – teoretisk så vel som empirisk?".

12:00–15:00: Disputas.

Komiteen består av:

På grunn av fråvær i bedømmingskomiteen rykkjer tredje opponent opp til andre opponent.

Prøveforelesing og disputas blir leia av prodekan Ivan Harsløf, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet.

Rettleiarar:

Samandrag

Trass i at norsk statsforvaltning er pålagd å evaluere og har drive utstrekt evalueringsverksemd i meir enn 30 år, finst det lite kunnskap om konsekvensane av denne verksemda. Denne avhandlinga er eit bidrag til meir kunnskap om slike evalueringar sine konsekvensar eller innverknad.

Avhandlinga er avgrensa til evaluering i regi av direktorat innanfor det sosialpolitiske feltet. Direktorata er viktige i evalueringssamanheng fordi dei er faglege rådgjevarar for departementa, men også bidrar med kunnskapsoverføring til underliggande etatar, media og allmennheita. I tillegg har direktorata ei sentral rolle i oppfølginga av statlege tiltak og satsingar.

Evaluering er tradisjonelt sett på som ein metode eller eit verkty for vurdering. I denne avhandlinga kombinerast dette perspektivet med eit sosialkonstruktivistisk syn på evaluering. Det vil seie at evaluering vert anerkjent som ein potensielt samfunnsnyttig metode, men også sett på som ei verksemd med stor symbolsk tyding.

Gjennom evaluering viser norske styresmakter kva verdiar og ideal som er viktige i samfunnet. Desse to perspektiva bidreg saman til å forklare evalueringane sin rolle i forvaltninga og evalueringane sin innverknad.

Avhandlinga byggjer på intervju med byråkratar, på ei spørjeundersøking med deltakarar frå seks direktorat, og på sekundærdata om Noreg sin mangeårige deltaking i PISA.

Avhandlinga består av tre artiklar som undersøkjer evalueringane sin innverknad frå ulike perspektiv. Artikkel éin undersøkjer den breie samfunnsmessige og politiske innverknaden frå Noreg si mangeårige deltaking i PISA (Programme for International Student Assessment).

Konsekvensane av denne deltakinga blir tolka som eit resultat av PISA som eit verkty eller ein metode som bidreg med kunnskap som får klare konsekvensar for norsk politikk og samfunnsliv. Samstundes blir PISA si innverknad også sett på som eit resultat av norske styresmakters ønskje om å framstå som endringsvillige og handlekraftige.

Artikkel to undersøkjer den instrumentelle eller direkte innverknaden frå direktorata sine evalueringar på politisk-administrative avgjerder. Funn viser at evaluering har direkte påverknad på slike avgjerder. Dette blir forklara ut frå byråkratane sin deltaking i evalueringsprosessen og den praktisk nyttige kunnskapen dette resulterer i.

Artikkel tre undersøkjer tydinga av evalueringane sitt bidrag til ny kunnskap i form av nye idear eller perspektiv, vidare om kva typar data som bidreg til slik læring, og om dette er data i samsvar med evidensrørsla sine metodologiske ideal. Funn viser at evaluering er ein viktig kunnskapskjelde for byråkratiet og at kvalitative evalueringsmetodar i størst grad bidreg til nye idear og perspektiv.

Til saman bidreg artiklane med ny kunnskap om korleis byråkratane sjølve opplever evalueringane sin innverknad, og samstundes med innsikt i dei langsiktige og komplekse verknadene av den internasjonale PISA-evalueringa.

I sum bidreg avhandlinga med ny kunnskap om konsekvensane av evalueringane som blir gjennomførte i regi av dei sosialpolitiske direktorata. Avhandlinga viser også at evalueringar utført av norske styresmakter ikkje berre bør forståast ut frå deira praktiske funksjonar, men også i lys av deira symbolske tyding.