Oppgitt emne: Litterær kvalitet: Nye litteraturteoretiske perspektiv.
Opponentar:
- Første opponent: professor Ann Steiner, Lund University
- Andre opponent: førsteamanuensis Rasmus Grøn, Aalborg universitet
- Tredje opponent: førsteamanuensis Tonje Vold, OsloMet – storbyuniversitetet
Prøveforelesing og disputas blir leia av dekan Ann-Helén Bay, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet.
Hovudrettleiar: professor Kjell Ivar Skjerdingstad, OsloMet.
Samandrag
Denne avhandlinga fokuserer på kvalitetsvurdering av samtidslitteratur blant profesjonelle lesarar. Gjennom ikkje-deltakande observasjon og intervju av ulike grupper av profesjonelle lesarar, inkludert bibliotekarar, medlemmer av Det litterære Råd i Forfatterforeningen og Norsk kulturråd sine vurderingsutval for lyrikk og prosa, undersøkjer avhandlinga korleis skjønsmessig vurdering av litterær kvalitet kan forståast som eit handverk der lesarane er forplikta på det litterære verket, den eigne leseerfaringa og eit institusjonelt rammeverk.
Avhandlinga byggjer på pragmatisk teori, og fokuserer på skjønnsutøving som handverk, tydinga av den estetiske erfaringa i vurderinga av litterær kvalitet, og korleis litteratur involverer og engasjerer lesarane.
Analysane viser at kvalitetsvurderinga sin mål og hensikt er viktig for vurderinga av litterær kvalitet, og at vesentleg for kva som oppfattast som litterær kvalitet er at verket evnar å involvere og røre lesaren.
Avhandlinga argumenterer for at dei praksisane som har estetisk domfelling som tydeleg mål nyttar eit anna fagspråk når dei snakkar om kvalitet enn den praksisen som har formidling som mål. Gjennom ein meir personleg måte å snakke om litterær kvalitet på kan biblioteket sitt mandat om formidling av kvalitet til lesarar betre bli ivareteke.
Avhandlinga formulerer ein forståing av litterær kvalitet som både anerkjenner vurderinga som subjektiv og behovet for å grunngje litterær kvalitet i verket sjølv. Kvalitetsvurderinga framstår som pragmatisk, relativ til situasjon og hensikt, og er forankra både i lesar, verk og kontekst.