Prøveforelesing: Utfordringar med å integrere ulike vitskaplege disiplinar og metodar for å gi eit heilskapleg syn på nye vaksne som lever med langsiktige helseutfordringar.
Vurderingskomiteen består av
- første opponent: professor Inger Hallström, Lunds Universitet, Sverige
- andre opponent: professor Anne Clancy, UiT Noregs arktiske universitet
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Ivan Harsløf, OsloMet
Disputasleiar er professor Borghild Løyland, OsloMet.
Hovudrettleiar er prodekan Sølvi Helseth, OsloMet.
Medrettleiarar er professor Idunn Brekke, OsloMet og professor Espen Dahl, OsloMet.
Samandrag av avhandlinga
Tittel på avhandlinga: "Emerging adults living with long-term health challenges."
Denne avhandlinga belyser og utforskar nokre viktige aspekt ved liva til unge vaksne som lever med langvarige helseutfordringar (somatiske helsetilstandar og fysiske funksjonsnedsettingar).
Denne studien består av tre artiklar, der den første set søkjelys på erfaringane knytt til overgangen til vaksenlivet blant unge vaksne som lever med langvarige helseutfordringar.
Den andre artikkelen undersøkjer innverknaden av somatiske langvarige helseutfordringar i ungdomsåra på fullføring av vidaregåande skole, NEET-status (ikkje i utdanning, arbeid eller opplæring) og mottaking av uførepensjon som ung vaksen.
I tillegg undersøkjer han om ulikskapar i utdanning og arbeidsprestasjonar varierer i samsvar med sosioøkonomisk bakgrunn.
Den tredje artikkelen utforskar erfaringar med deltaking i kvardagslivet til unge vaksne som lever med langvarige helseutfordringar og kva påverknad dette har på livskvaliteten deira.
Metode
Den første artikkelen vart utforma som ein kvalitativ metasyntese og følgde tilnærminga skissert av Sandelowski og Barroso. Det vart uført søk i sju elektroniske databasar for å finne kvalifiserte kvalitative studiar.
Inkluderte studiar vart kritisk vurderte ved hjelp av Joanna Briggs kritiske vurderingsverktøy. Kvalitative data vart ekstraherte, meta-samanfatta og deretter meta-syntetiserte. Dataa vart analyserte ved bruk av tematisk analyse.
Den andre artikkelen vart designa som ein populasjonsbasert longitudinell studie. Utvalet bestod av unge vaksne fødd i perioden 1990–1996 (N=421 110).
Dataa vart henta frå Norsk pasientregister som er knytt til folkeregisteret, utdanning og inntektsregister og førløpsdatabasen i Statistisk sentralbyrå.
Statistiske analysar vart utførte ved bruk av multippel logistisk regresjonsanalyse og ved å berekne gjennomsnittleg marginaleffektar.
Den tredje artikkelen er basert på kvalitative data samla inn gjennom semistrukturerte intervju.
Totalt deltok 12 ungdommar i alderen 18–29 år med langvarige helseutfordringar i studien. Datainnsamling og analyse følgde ei fenomenologisk hermeneutisk tilnærming.
Overgangen til vaksenlivet
Funna i artikkel ein visar at dei unge vaksne ønskte seg eit så «vanleg» liv som mogleg i framtida. I overgangen til vaksenlivet streva dei etter å bli meir sjølvstendige og jobba med å få meir kompetanse i eigenmeistring.
Likevel var dei framleis avhengige av støtta dei fekk frå viktige menneske i livet sitt. Mange opplevde psykososiale utfordringar som det å ta kontakt eller inngå vennskap eller eit forhold.
Fragmenterte, utilstrekkelege og uføreseielege tenester auka vanskane med å leve eit sjølvstendig liv, starte på universitet og komme inn på arbeidsmarknaden.
Opplevinga av diskontinuitet av offentleg støtte vart opplevd som ei kritisk hending i overgangen til vaksenlivet.
Innverknad på utdanning, opplæring og arbeid
I artikkel to viser funna at samanlikna med unge vaksne utan langvarige helseutfordringar, hadde unge vaksne med diagnosane epilepsi, sensorisk svekking, inflammatorisk tarmsjukdom, diabetes, SMA, SB og CP lågare odds for å fullføre vidaregåande opplæring.
Unge menneske med langvarige helseutfordringar hadde høgare odds for NEET-status ved alder 21 år samanlikna med dei utan langvarige helseutfordringar.
Unge vaksne med epilepsi, SMA, SB og CP hadde spesielt høgare odds for NEET-status og mottaking av uførepensjon ved alder 21 år samanlikna med unge vaksne utan langvarige helseutfordringar.
Deltaking i kvardagslivet
Artikkel tre viser at unge vaksne streva med å delta på viktige område som utdanning, arbeid og fritidsaktivitetar.
Utilstrekkeleg støtte, symptom knytt til diagnosen og avgrensande fysiske evner gjorde det vanskeleg for dei å delta i kvardagen slik dei ønskte.
Alt dei gjorde i løpet av ein dag var tidkrevjande og resulterte i at dei ofte vart utslitne. Dei beskreiv at dei konstant utførte «eit skjult arbeid» som innebar strukturering, planlegging og prioritering av kvardagslege gjeremål og aktivitetar.
Dei oppfatta denne prosessen som ein føresetnad for at dei fullt ut kunne delta i kvardagen slik dei ønskte. Å delta på viktige område i livet vart oppfatta som avgjerande for oppleving av god livskvalitet.
Denne avhandlinga understrekar viktigheita av å støtte unge menneske med langvarige helseutfordringar i ung vaksenalder.
Sjølvstende hos dei er avhengig av tilpassa individuell støtte og tenester frå det offentlege hjelpeapparatet.
For å auke livskvaliteten og moglegheitene for deltaking i samfunnet, er kunnskap og forståing hos fagpersonar som arbeider i helse, utdanning og sosial sektor avgjerande.