Tittel på avhandlinga er “Profesjonskvalifisering av yrkesfaglærere. En surveystudie av yrkesfaglæreres oppfatninger av profesjonell kompetanse knyttet til deltakelse i lærerutdanning for yrkesfag.”
Les meir om disputasen på den engelske nettsiden.
Samandrag
I denne avhandlinga studerer eg den formelle profesjonskvalifiseringa til yrkesfaglærarane i Noreg. Formelt blir yrkesfaglærarar kvalifiserte og sertifiserte til læraryrket gjennom deltaking i lærarutdanning for yrkesfag. I lærarutdanninga utviklar kandidatane sin profesjonelle kompetanse for å meistra oppgåver i yrket og vidareutvikle den profesjonelle rolla si i vidaregåande skole. Det er lite forsking på lærarutdanningar i yrkesfag og lite kunnskap om oppfatningar yrkesfaglærarar har av eiga lærarutdanning.
I avhandlinga undersøker eg oppfatningar om profesjonell kompetanse knytt til deltaking i lærarutdanninga i ein surveystudie svart på av kandidatar, no yrkesfaglærarar, frå to universitet og to studieprogram. Studieprogramma er treårig yrkesfaglærarutdanning trinn 8–13 (YFL) og eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar trinn 8–13 (PPU-y).
Avhandlinga er artikkelbasert. Tre artiklar er publiserte baserte på den empiriske studien til avhandlinga. Hovudproblemstillinga er: I kva grad oppfattar yrkesfaglærarar at dimensjonar ved den profesjonelle kompetansen deira kan knytast til deltaking i lærarutdanning for yrkesfag?
Den forskingsmetodologiske tilnærminga er hovudsakleg kvantitativ og baserer seg på data frå ein surveystudie (n=567). I avhandlinga blir profesjonell kompetanse forstått som eit fleirdimensjonalt omgrep og som ein kapasitet til å meistre oppgåver og utfordringar i læraryrket. Eg støttar meg til læringsteoriske perspektiv på kva dimensjonar kunnskapsbasen i lærarutdanninga bør innehalde for å utvikle relevant kompetanse for læraryrket, og undersøker primært pedagogiske og yrkesdidaktiske sider ved den profesjonelle kompetansen til yrkesfaglærarane.
I artikkel 1 undersøker eg omgrepsvaliditeten, dimensjonaliteten og reliabiliteten og til eit surveyinstrument som måler oppfatningane til yrkesfaglærarane av kor godt lærarutdanninga har førebudd på oppgåver knytt til seks ulike kompetansedimensjonar. Desse dimensjonane er planlegge og gjennomføre undervising, støtte læringa til elevane, vurdere læring, skape gode læringsmiljø, profesjonell utvikling og knytte læring til arbeidslivet.
Faktoranalysar stadfestar at den teoretiske modellen med seks faktorar (dimensjonar) kan finnast att i det empiriske materialet. Resultata indikerer at surveyinstrumentet er eit valid og reliabelt instrument for yrkesfaglærarkandidatar i Noreg. I tillegg viser resultata at dimensjonane yrkesfaglærarane i gjennomsnitt oppfattar å bli best førebudd på i lærarutdanninga er å skape gode læringsmiljø og å planlegge og gjennomføre undervising. Dimensjonen "knytte læring til arbeidslivet" oppnår lågast gjennomsnitt.
I artikkel 2 rettar eg søkjelyset mot kompetansen til yrkesfaglærarane i å legge til rette læringsaktivitetar til yrkesinteressene til elevane i dei breie yrkesfaglege utdanningsprogramma på vidaregåande trinn 1 (Vg1). Ei slik opplæring, også kalla yrkesdifferensiert opplæring, blir i lærarutdanninga vurdert som å vere viktig for å sikre yrkesrelevans og motivasjonen og medverknaden til elevane.
Eit nytt eigenutvikla surveyinstrument blir brukt for å måle bruken av yrkesdifferensierte læringsaktivitetar på Vg1. Resultata tyder på at yrkesfaglærarane (n = 279) oppfattar at lærarutdanningane har førebudd dei frå middels til relativt godt på å yrkesdifferensiera opplæringa.
Det er signifikante forskjellar i desse oppfatningane mellom lærarar utdanna ved PPU-y og YFL i favør av YFL, men denne forskjellen blir ikkje vist i den rapporterte bruken av yrkesdifferensierte læringsaktivitetar. Ein regresjonsanalyse viser at variasjonen i bruk av yrkesdifferensierte læringsaktivitetar til dels kan forklarast ut frå kor godt lærarutdanninga har førebudd respondentane på yrkesdifferensiering og forhold i konteksten til skolen, mellom anna kva utdanningsprogram yrkesfaglærarane underviser ved.
I artikkel 3 bruker Halvor Spetalen og eg data frå surveyinstrumentet presentert i artikkel 1 for å undersøke sider ved profesjonskvalifiseringa til yrkesfaglærarane meir detaljert. Meir konkret klargjer vi kva kandidatar frå YFL og PPU-y oppfattar lærarutdanninga har førebudd best og mindre godt på, relativt sett. Vi undersøker også kva yrkesfaglærarar meiner bør vektleggast i utdanningane framover.
Resultata indikerer at yrkesfaglærarane oppfattar å vere godt førebudd på oppgåver i undervisingsrolla, å reflektere over eigen yrkespraksis, å bygge gode relasjonar til elevane og utøva ei tydeleg klasseleiing. Dei er litt mindre godt førebudde på å yrkesrette undervisinga i samarbeid med fellesfaglærarar, å støtte ungdom i vanskelege livssituasjonar og å knyte opplæringa til arbeidslivet.
Studien viser at yrkesfaglærarane meiner at meir relevans knytt til kva som skjer «i røynda», ei større didaktisk verktøykasse og meir innhald knytt til elevutfordringar og mangfald bør vektleggast i lærarutdanningane. Desse resultata tyder på at overgangssamanhengen mellom utdanning og læraryrket kan vidareutviklast.
Gjennom dei tre artiklane i avhandlinga har eg bidrege til å undersøke dimensjonar ved den profesjonelle kompetansen yrkesfaglærarar oppfattar at dei knyter til deltaking i lærarutdanning for yrkesfag.
Eg har det første bidrege med å tilpasse, utvikle og prøve ut spørsmål i to surveyinstrumenter. For det andre viser eg tendensar i eit stort datamateriale. Gjennom det blir ein forståing etablert av kva som kjenneteiknar oppfatningane til yrkesfaglærarane av styrkar og utviklingsområde i utdanninga fullført i perioden 2014–2019, og kva som kan forklare resultata.
Ved at eg har innhenta data frå både YFL- og PPU-y-kandidatar gir studien viktig kunnskap om korleis dei to kandidatgruppene oppfattar eigen kompetanse knytt til lærarutdanninga. Resultata kan inngå i eit kunnskapsgrunnlag for vidare kvalitetsutvikling av lærarutdanningane for yrkesfag i Noreg og i ein internasjonal diskusjon av sider ved profesjonskvalifiseringa av yrkesfaglærarar.