Disputas: Ruth-Ellen Slåtsveen

Ruth-Ellen Slåtsveen forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er professor Dag Karterud, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Anne Lund, OsloMet. Medrettleiarar er professor Liv Halvorsrud, OsloMet og førsteamanuensis Torunn Wibe, Lovisenberg diakonale høgskole.

Samandrag av avhandlinga

Tittel på avhandlinga: "Flexible and individually tailored home-based healthcare services – with the trust model as context."

Denne avhandlinga rettar merksemda mot tillitsmodellen, som er ein ny måte å strukturere heimebaserte helsetenester på gjennom å oppretta tverrfaglege geografiske team og å involvera brukarar og dei pårørande.

Basert på mellom anna den demografiske utviklinga internasjonalt og nasjonalt framhevar helsepolitiske føringar eit behov for mellom anna nyskapande tenking og omstrukturering av helsetenestene.

Kommunar i Noreg har valt ulike tilnærmingar til desse anbefalingane, der tillitsmodellen er eitt alternativ.

Tillitsmodellen

I tillitsmodellen blir tillit beskriven som ein strategi og arbeidsform med formål om å skape betre tenester til innbyggjarane og betre samhandling mellom kommunen og innbyggjarane.

Modellen legg opp til ei nedtoning av skiljet til bestillar-utførar-modellen mellom tildelingskontor og utøvande helsepersonell, og oppmodar til organisering av tverrfaglege avdelingar framfor profesjonsbaserte avdelingar.

Intensjonen er mindre, sjølvstyrte tverrfaglege team der dei tilsette, saman med brukarane og deira pårørande, skal forme tenestene brukarane har behov for, vedta vedtakstid og omfang av tenestene.

Det handlar om involvering av tenestemottakarar og pårørande i avgjerder som gjeld dei, og det handlar om medarbeidarar som får auka tillit til å gjere faglege vurderingar av behov for tenester og justere desse ved endra helsetilstand.

Målet er mellom anna å skape fleksible og individuelt tilpassa tenester, og avhandlinga søkjer å undersøkje spørsmålet om korleis tillitsmodellen er med på å mogleggjere denne skreddarsaumen av heimebaserte helsetenester.

Metode

Avhandlinga er basert på kvalitative data, ei fortolkande tilnærming, med utgangspunkt i ei konstruktivistisk kunnskapsforståing. Fire artiklar blir presenterte i avhandlinga.

Den første beskriv behovsidentifiseringsprosessen som vart gjennomført for å utarbeide relevante forskingsspørsmål. Prosessen var inspirert av James Lind Alliance og involverte representantar frå den heimebaserte helsetenesta, tenestebrukarar, pårørande, og andre interessentar innan feltet.

Dei tre andre artiklane baserer seg på empiriske data samla inn frå mars 2021 til april 2023, gjennom observasjonar av møte innan heimebaserte helsetenester, individuelle- og fokusgruppeintervju med tilsette i heimebaserte helsetenester, og individuelle intervju med pårørande.

Studien er gjennomført i ein stor kommune i Noreg. Tematisk analyse vart brukt til å systematisere og tolke mønster på tvers av datamaterialet. Bakkebyråkrati (Street-level bureaucracy), inspirert av Lipsky, er nytta som teoretisk perspektiv, saman med tidlegare forsking for å diskutere funna.

Funn

Funna indikerer at arbeidet med å skape fleksible og individuelt tilpassa tenester gjennom ein ny strukturering av heimebaserte helsetenester som beskrive i tillitsmodellen er komplekst og samansett.

Ved å strukturere førstelinje-arbeidarane inn i tverrfaglege team utan å endre rammene rundt blir det nødvendig for dei tilsette å balansere rammene som følgjer bestillar-utførar-modellen opp mot intensjonen til tillitsmodellen, og deira eige faglege ansvar inn i det daglege arbeidet med brukarane og deira pårørande.

I spenningsrommet oppstår det nokre paradoks for dei tilsette idet dei skal nytte det faglege handlingsrommet tillitsmodellen tilbyr, noko som igjen medfører at det å tilby fleksible og individuelt tilpassa tenester blir utfordrande.

Vidare viser funna at det å vere skilt frå kollegaer innan same profesjon eller dei som har same oppgåver og/eller ansvar, resulterer i eit behov for dobbel tilhøyrsel. For å utnytte den profesjonelle og faglege kompetansen blir viktigheita av ikkje berre å vere organisert i eit tverrfagleg team, men samtidig også halde oppe ein tilhøyrsel til det profesjonelle og faglege miljøet deira påpeika.

Tillitsmodellen peikar på involvering av brukarar og pårørande som nødvendig for individuell tilpassing av tenestene.

Funna i denne avhandlinga indikerer at involveringsprosessen er mangefasettert, men uuttalte forventningar og ønske om situasjonsavhengig involvering ser ut til å vere hovudutfordringane, noko som hindrar samskapning av tenestene.

Konklusjon

Samanfatta argumenterer denne avhandlinga for at målet med tillitsmodellen om å skape fleksible og individuelt tilpassa tenester møter barrierar med tanke på strukturane som avgrensar moglegheitene for dei tilsette til fullt ut å utøve det faglege handlingsrommet dei er gitt.

Det blir anbefalt at politikarar, leiarar og tilsette innan heimebaserte helsetenester er merksame på, og tek med desse resultata i vidare planlegging av nye løysingar, endra arbeidsmetodar eller omstrukturering av heimebaserte helsetenester.