Prøveforelesing: "The history and development of mixed-methods health research, and how mixed-methods can contribute today to population health and personalized care."
Vurderingskomiteen består av
- første opponent: professor Rachael Gooberman-Hill ved Universitetet i Bristol, England
- andre opponent: førsteamanuensis Tone Marte Ljoså ved Universitetet i Søraust-Noreg
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Peter Forde Hougaard ved OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Edel Jannecke Svendsen ved OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Alfhild Dihle ved OsloMet.
Medrettleiar er professor Simen Alexander Steindal ved Lovisenberg diakonale høgskole og seniorforskar Maren Falch Lindberg ved Lovisenberg diakonale sjukehus.
Samandrag av avhandlinga
Kneprotese er eit vanleg kirurgisk inngrep som blir tilbode pasientar med smertefull kne-artrose der anna behandling ikkje fører til betring.
Dei aller fleste får smertelindring og betre funksjon etter operasjonen, men det er ca. 20 prosent som rapporterer vedvarande smerter tolv månader etter inngrepet. Det er lite kunnskap om korleis det går med denne gruppa utover det første året etter operasjonen.
For å læra meir om denne pasientgruppa brukte me ein kombinasjon av spørjeskjema og individuelle intervju for å utforska erfaringane til pasientane med vedvarande smerter fem til sju år etter kneoperasjonen.
Det er viktig å forstå kven som er utsett for å utvikla vedvarande postoperative smerter, og også kva som er vesentleg i smertehistoriene deira.
Med auka kunnskap kan helsepersonell tilby eit betre og meir persontilpassa behandlingstilbod både før og etter operasjonen, og med dette forbetra resultata for denne gruppa pasientar.
Funn
I studien viste me at dei med meir angst før operasjon i større grad var utsett for moderat til sterkt smerterelatert redusert funksjon fem år etter operasjonen.
Vidare fann me at dei med meir smerter før operasjonen, og dei med fleire smertefulle stader på kroppen også i større grad var utsette for moderat til sterke smerter fem år etter operasjon.
I gruppa som framleis hadde smerter tolv månader etter operasjonen, fortalde deltakarane om kjenslemessige krevjande utfordringar og langvarige smertetilstandar.
Belastninga med fleire smertefulle stader på kroppen, ofte i tillegg til psykisk stress medførte at pasientane streva, ofte i årevis før operasjonen.
Pasienthistoriene beskreiv ein vond sirkel med smerter, dårleg funksjon og stadig dårlegare livskvalitet, både fysisk, sosialt og mentalt fram mot operasjonen.
Likevel opplevde dei fleste deltakarar at smertene minka i tida mellom eitt og fem til sju år etter operasjonen.
Sjølv om knesmerter framleis medførte visse avgrensingar for deltakarane, prega smertene kvardagen deira i mindre grad, og ingen angra på proteseoperasjonen sin.