Tittel på prøveforelesinga: "Set framveksten av samordningsverktøy som t.d. individuell plan og koordinator inn i ein nordisk sosialpolitisk kontekst. Korleis har slike samordningsverktøy vakse fram og utvikla seg over tid? Korleis kan doktorgradsavhandlinga di vera eit bidrag til vidare utvikling av slike samordningsverktøy?"
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga frå 12.00.
Komiteen er:
- Første opponent: Professor Johans Sandvin, Nord universitet
- Andre opponent: Professor Jens Ineland, Umeå universitet
- Tredje opponent: Professor Marit Haldar, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen er programleiar og professor Amy Østertun Geirdal, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.
Hovudrettleiar er førsteamanuensis Wenche Bekken, OsloMet – storbyuniversitetet.
Medrettleiar er forskningsleiar Janikke Solstad Vedeler, NOVA, OsloMet – storbyuniversitetet.
Samandrag
I denne avhandlinga undersøkjer eg møtet mellom foreldre med funksjonshemma barn og hjelpeapparatet. Spesielt rettar eg søkjelys på ordninga med koordinator for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Avhandlinga byggjer på eit longitudinelt kvalitativt datamateriale beståande av individuelle intervju med foreldre og koordinator, observasjonar av ansvarsgruppemøte og fokusgruppeintervju med koordinatorar.
I dei tre artiklane til avhandlinga, er eg oppteken av korleis møtet blir ramma inn av sosiale strukturar og sosialpolitiske vilkår. Avhandlinga bidreg med nye perspektiv på møtet mellom foreldre med funksjonshemma barn og velferdsstaten. Samla sett viser avhandlinga at foreldre med funksjonshemma barn opplever eit gap mellom forventningar til hjelpeapparatet og realiteten dei møter. Vidare synleggjer eg at dagens ordning med koordinator har få ressursar og blir prega av vilkårlighet.