Disputas: Siri Yde Aksnes

Siri Yde Aksnes disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Arbeidsgivarretta arbeidsinkludering: ny politikk- ny praksis."

Prøveforelesing

Onsdag 28. august 2019, kl. 10.00

Tittel: "Presentere og diskutere styrker og svakheiter ved Lipskys teori om gatenivå-byråkrati innanfor arbeidsinkludering".

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga onsdag 28. august 2019, kl. 12.00 - 15.00.

Komite

Leiar for disputasen

Prøveforelesing og disputas blir leia av instituttleder ved Institutt for sosialfag Nicole Hennum, OsloMet.

Rettleiarar

Samandrag

Denne avhandlinga handlar om korleis retninga mot arbeidsgjevarretta tilnærmingar til arbeidsinkludering påverkar praksis og forsking innanfor dette feltet. Ho har to formål. Først tar ho for seg myndigheitene sitt auka fokus på arbeidsgjevarinvolvering, ved å undersøke næringslivskonsulentar sin rolle som bindeledd mellom tiltaksbedrifter og arbeidsgjevarar. Eit døme på initiativ som illustrerer denne dreiinga, er NHOs Ringer i Vannet-strategi (RiV). Avhandlinga undersøker korleis næringslivskonsulentane involverer arbeidsgjevarar i inkluderingsprosessen.

Det andre formålet med avhandlinga er metodologisk, nemlig å undersøke kva moglegheiter som ligg i å bruke institusjonell etnografi (IE) for å forstå dei nye formene for samarbeid i inkluderingsfeltet. Studien argumenterer for at IE høver godt til å kartlegge og nøste opp i kompleksiteten av diskursar, idear og reguleringar som kjenneteiknar dette feltet.

Avhandlinga består av tre artiklar. Artikkel 1 diskuterer korleis IE kan bidra til forsking på arbeidsinkludering. Artikkel 2 omhandlar næringslivskonsulentane sine strategiar for arbeidsgjevarinvolvering, medan artikkel 3 knyter arbeidet deira til omgrepa "samskaping" og samstyring.

Avhandlinga bidrar til forsking på arbeidsgjevarretta arbeidsinkludering ved å gi detaljerte skildringar av korleis den nye inkluderingspolitikken blir implementert, og ved å analysere dynamikken mellom tiltaksarbeidarar og arbeidsgjevarar. Studien argumenterer for at ein ny arbeidsinkluderingsdiskurs utviklar seg i skjæringspunktet mellom tradisjonell arbeidsinkludering og ein meir marknadsbasert rekruttering. Avhandlinga foreslår også å bruke IE som eit metodologisk rammeverk for å studere nye former for samarbeid i feltet.